NRK Meny
Normal

Gaddafi-son vil gjenerobre Tripoli

Sonen til Muammar Gaddafi, Saif al-Islam, samlar støtte blant stammeleiarar for å prøve å gjenerobre den libyske hovudstaden Tripoli, seier talsmannen hans.

Saif al-Islam vil gjenerobre Tripoli

Saif al-Islam vil gjenerobre Tripoli saman med stammekrigarar.

Foto: IMED LAMLOUM / Afp

Moussa Ibrahim er talsmann for Gaddafi.

Moussa Ibrahim var tidlegare regjeringstalsmann. No er han talsmann for sonen til Gaddafi, Saif al-Islam.

Foto: Ap

Moussa Ibrahim er talsmannen til Saif al-Islam. Han seier på telefonen til Reuters i Tunisia at han har vore saman med Saiif i den sørlege utkanten av Tripoli, der han dei møtte leiarar for fleire stammer. Målet er å ta tilbake hovudstaden, seier han.

- Ein total krig

- Vi er framleis svært sterke, seier han. Han lovar kamp frå hus til hus, ein total krig, og ikkje berre i Libya

Moussa Ibrahim seier at det nasjonale overgangsrådet til opprørarane ikkje vil greie å styres Libya. Det einaste håpet, seier han, er at NATO startar forhandlingar med Muammar Gaddafi.

LES OGSÅ: – Det er altfor mange Gaddafi-folk i Bani Walid

LES OGSÅ: Gaddafi: NATO vil okkupere Libya

Abdel Hakim Belhaj er militærsjef i Tripoli.

Abdel Hakim Belhaj har det militære ansvaret i Tripoli.

Foto: Francois Mori / Ap

Han ironiserer over at NATO no er alliert med ein islamistisk opprørarar, som tidlegare har hatt kontakt med Al Qaida. Han siktar til ein av leiarane i overgangsrådet, Abdel Hakim Belhaj, som tidlegare skal ha vore alliert med Al Qaida. Han har no den militære kommandoen i Tripoli.

- Ei terrorstjerne

- For Guds skuld. Tripoli er styrt av ein kjend Al Qaida-tilhengjar. Han er ei terror-stjerne, seier Moussa Ibrahim. - Al Qaida kjempar mot oss saman med NATO, legg han til.

Samstundes seier ein talsmann for overgangsrådet at dei vil flytte hovudkvarteret sitt frå Benghazi til Tripoli i løpet av komande veke.

LES OGSÅ: Libyske opprørarar får 85 mrd. kr.

LES OGSÅ: Gaddafi: Vil aldri overgi meg

LES OGSÅ: Mener de vet hvor Gaddafi er

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt