Hopp til innhold

Gaddafi-soldatar inntek ny by

Libyske regjeringsstyrkar gjekk i ettermiddag inn i sentrum av den opprørar-kontrollerte byen Zuwarah, der dei er i kamp med opprørsstyrkar. Og Tryggingsrådet i FN greier ikkje å bli samd om å innføre flyforbodssone over Libya.

Opprørar i oljebyen Ras Lanuf.

Opprørarane tapar terreng i Libya. Her frå Ras Lanuf, som regjeringsstyrkane tok tilbake sist helg.

Foto: Hussein Malla / Ap

Tarek Abdullah seier på telefonen til nyheitsbyrået Reuters at regjeringsstyrkane har innteke byen med stridsvogner.

Muammar al-Gaddafi

Muammar Gaddafi, eineherskar i Libya sidan 1969, er på offensiven i kampen mot opprørarane.

Foto: AHMED JADALLAH / Reuters

Ei anonym kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at det er nokre få opprørarar som gjer mostand, men at motstanden ikkje er alvorleg. Det vart i ettermiddag meldt om heftig skyting i byen, men rapportar i kveld tyder på at situasjonen i byen rolet. Truleg har regjeringssoldatane teke kontroll over byen.

I kveld møtte Libyas utanriksminister Musa Kusa FNs spesialutsending til Libya, Abdullah al-Khatib, tidlegare utanriksminister i Jordan.

FN-utsendingen kravde slutt på all bruk av vald i Libya og fri tilgang for humanitære organisasjonar til å drive hjelpearbeid. Dei to skal ha eit nytt møte tysdag.

LES OGSÅ: Tapet nærmer seg med stormskritt

Vil reinske byen

Ei kjelde i regjeringa til Muammar Gaddafi seier at regjeringsstyrkane har som mål å reinske Zuwahra for opprørarar. Samstundes førebur opprørarane seg på kampar i den strategisk viktige byen Ajdabiyah.

I helga inntok regjeringsstyrkane oljebyen Ras Lanuf. Det skal framleis vere kampar i byen Brega, medan det også er aukande frykt i den viktigaste byen under opprørar-kontroll, Benghazi.

USAs utanriksminister Hillary Clinton

USAs utanriksminister hillary Clinton møter utsending frå opprørarane i Libya.

Foto: Francois Mori / Ap

Dette skjer samstundes som både Tryggingsrådet i FN og G8-landa i kveld diskuterer innføring av ei flyforbodssone over Libya. Men medlemslanda greier ikkje å bli samde.

USAs utanriksminister Hillary Clinton skal i kveld møte ein utsending frå det libyske opposisjonsrådet, Mahmoud Jibril, i Paris. Det er venta at han vil ble USA om militær hjelp mot Gaddafi-regimet.

Lunken til flyforbod

USA har hittil vore lunken til å engasjere seg militært i Libya, det same gjeld Russland. Kina har stilt seg avvisande. Desse tre landa har vetorett i Tryggingsrådet. Dermed ser det ikkje ut til å resolusjonsforslaget frå Frankrike og Storbritannia om innføring av ei flyforbodssone kan bli vedteke med det første.

Medlemslanda i Den arabiske liga bad laurdag Tryggingsrådet om å innføre eit flyforbod.

Guide Westerwelle er utanriksminister i Tyskland.

Tysklands utanriksminister Guide Westerwelle vil ikkje engasjerer seg militært i Libya.

Foto: MAURIZIO GAMBARINI / Afp

Også blant G8-landa, som også held møte i Paris, er det skepsis til å innføre flyforbod over Libya. Tysklands utanriksminister Guide Westerwelle, har gjort det klart at Tyskland ikkje har tenkt å involvere seg i ein borgarkrig i Nord-Afrika.

Norsk Røde Kors har utsett avreisa for eit helseteam som skulle ha reist til Benghazi i helga, melder NTB.

- Vi ser ei rask forverring av tryggingssituasjonen, med fare for at Gaddafi-styrkar vil bombe byen, seier generalsekretær Børge Brende i Røde Kors.

Vil forsvare Ajdabiyah

Tidlegare innanriksminister Abdel fatah Yunis, som no er opprørsleiar, seier at dei kjem til å forsvare Ajdabiyah.

Opprørarane har framleis kontroll i nokre byar i vest, først og fremst Misrata, ein hamneby mellom hovudstaden Tripoli og Gaddafis fødeby Sirte.

Byen som vart innteken i dag, Zuwarah,har 20.000 innbyggjarar, dei fleste av dei er berbarar. Berbarane utgjer rundt 10 prosent av innbyggjarane i Libya, men Gaddafi skal tidlegare ha nektar for at det er ein berbisk minoritet i landet.

Berbarane har klaga over maginalisering, og at dei er frårøva sin eigen kultur og sitt eige språk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Al Qaida: – Fortsett å slåss mot Gaddafi

LES OGSÅ: By reinska for libyske opprørarar

LES OGSÅ: Den arabiske liga støtter flyforbud

LES OGSÅ: Gaddafi-styrker fortsetter presset mot opprørerne

SISTE NYTT

Siste nytt