Hopp til innhold

Gaddafi-melding midt i intervjuet

USAs utanriksminister Hillary Clinton fekk meldinga om at Gaddafi var teken til fange på Blackberry-telefonen sin midt i eit tv-intervju med CBS i Kabul i Afghanistan.

Video Her får Hillary beskjeden

VIDEO: Her får Hillary beskjeden om at Gaddafi er tatt til fange.

Det vart torsdag ettermiddag offisielt stadfesta av den libyske statsministeren at mannen som herska diktatorisk over Libya i over 40 år, Muammar Gaddafi, er død, etter fleire timar med rykte og spekulasjonar.

Hillary Clinton ville ikkje kommentere nærmare opplysningane, før det var offisielt stadfesta, sa ho. Seinare reiste ho til Pakistan, og det er venta at ho vil kommentere Gaddafis død i løpet av kort tid.

Video Barack Obama om Gaddafis død

VIDEO: Barack Obama om Gaddafis død

USAs president Barack Obama sa på ein pressebrifing i rosehagen utanfor Det kvite hus i kveld norsk tid at det i dag har blitt sett sluttstrek for eit langt og smertefullt kapittel i Libyas historie. Han lovde at USA i framtida skal vere ein partnar for det libyske folket, og at NATOs engasjement snart vil vere over.

– Det er no opp til libyarane sjølve å avgjere lagnaden sin i eit nytt og demokratisk Libya, sa Obama blant anna.

– Støtte til IRA

David Cameron møtte pressen om opprøret i London

Storbritannias statsminister David Cameron.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Storbritannias statsminister David Cameron var først ute med å kommentere at Gaddafi no er død. Han gjorde det klart at han er stolt over at Storbritannia har gitt eit bidrag til å få ein slutt på Gaddafi-regimet-

– Dette blir ein dag å hugse for alle Gaddafi sine offer, seier Cameron.

Cameron viste blant anna til Lockerbie-terroren, der eit amerikansk passasjerfly vart sprengt i lufta over den skotske byen Lockerbie, der libyske styresmakter truleg stod bak. Han minna også på at Gaddafi og Libya over tid forsynte Den irske republikanske hæren, IRA, med pengar og våpen.

– 42 år med tyranni

Alain Juppé

Frankrikes utanriksminister Alain Juppe

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Frankrikes utanriksminister Alain Juppe kommenterte Gaddafis død under ei reise i New Delhi i India.

– Frankrike er stolt over å ha hjelpt det libyske folk med å bli fri. Meldinga om at Gaddafi er død og at Sirte er frigjort markerer slutten på ein vanskeleg periode for libyarane. Det er slutten på 42 år med tyranni og på ein militær konflikt som har vore smertefull for det innbyggjarane, sa Juppe blant anna.

Åtvarar mot hemn

AUSTRALIA/ U.N. Secretary General Ban talks during a joint news conference with with Australian Prime Minister Gillard in Canberra

FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

Foto: ANDREW TAYLOR / Reuters

FNs generalsekretær Ban Ki-moon seier i ein kommentar at Gaddafis død markerer eit historisk tidsskilje i Libya, og det markerer starten på ein ny æra for Libya.

– Men, det er viktig å hugse på at dette berre er slutten på starten. No er det tida for alle libyarar til å så saman. Dette er ei tid for gjenoppbygging og ikkje for hemn, sa han blant anna i sin første kommentar.

Gledestårer

– Tårene strøymde nedover kinna på ei libysk kvinne som eg nettopp snakka med. Det var gledestårer, og ho greidde ikkje seie anna enn «Gaddafi, Gaddafi», seier NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen på telefon frå Tunisia, nabolandet til Libya.

Libyske born jublar for Gaddafis død.

Jubelscener også blant libyske born etter at det vart kjent at Gaddafi var død.

Foto: MARCO LONGARI / Afp

I heimlandet har han nok framleis mange støttespelarar, men det er gledesscenene hos motstandarane som vil dominere reaksjonane i den nærmaste tida framover.

Det er liten grunn til å vente mange positive reaksjonar. Vel hadde Gaddafi sine trufaste vener, som Fidel Castro på Cuba og Venezuelas president Hugo Chávez. Elles er det tynt i rekkjene av Gaddafi-støttespelarar i utlandet.

Den arabiske liga var tidleg ute med å ta avstand frå den libyske diktatoren, medan Den afrikanske union (AU) nølte ei stund før dei også vedtok å støtte dei nye makthavarane i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt