Dette opplyste Sør-Afrikas president Jacob Zuma under eit AU-møte i Pretoria i Sør-Afrika i dag. Zuma uttrykte glede over at Gaddafi vil halde seg unna forhandlingane, og har håp om at det kan bane vegen for ei fredeleg løysing på borgarkrigen i landet.
Vil ikkje trekkje seg
Men samstundes har Gaddafi igjen gjort det klart at han ikkje har tenkt å trekkje seg.
Opprørarane har fjort det klart at dei ikkje ville forhandle med Gaddafi.
- Det er ikkje mogleg å forhandle med ein mann med så mykje blod på hendene, sa ein talsmann for opprørarane tidlegare i dag.
Det er uklart kven som skal representere den libyske regjeringa i forhandlingane, eller når forhandlingane vil starte, melder CNN.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Uroa over NATO-angrep
Det var ikkje mogleg for journalistar å få stille spørsmål til delegatane etter AU-møtet i Pretoria, mmen Jacob Zuma sa etter møtet at han er uroa over at NATO held fram bombinga av Libya.
Han gjentok kravet frå Den afrikanske unionen om ei snarleg våpenkvile.
- Den einaste måten å få slutt på konflikten i Libya, er ei forhandlingsløysing, sa Zuma blant anna.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: