Hopp til innhold

Gadaffi, sjukepleiarar, EU og USA

Slik oberst Mohammar Gadaffi har manøvrert dei siste åra med eit klart ønske om å kome seg inn i den internasjonale varmen igjen, var det få som trudde at han ville avrette dei bulgarske sjukepleiarane han har halde i fengsel dei siste åtte åra.

Muammar Gadaffi

Muammar Gadaffi

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / REUTERS

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det var meir eit spørsmål om når den lykkelege utgangen skulle kome og dei ville bli sette fri.

Kven har tatt rekninga?

Siste akt i dramaet var nøye tilrettelagt, til og med det sitrande spørreteiknet etter teppefall på plass: Kven har tatt rekninga? Kven finansierte erstatningspakken på rundt tre milliardar kroner til dei 426 HIV-smitta barna og familiane deira?

Verken EU, Bulgaria eller Libya vil skryte på seg det - det ville vere som å vedgå urett og skyld. Derfor peikar dei alle på motparten og gir kvarandre uønska ære.

Kva rolle spela Sarkozy?

Derimot er det slåande å merke seg kor mange som vil ha del i æra for at saka fann ei løysing. Tyskland peikar på at forhandlingane har pågått heile det siste halvåret da det har vore tysk formannskap i EU. USA har ikkje lagt skjul på at Sofia takkar Washington for bistand, mens Russland har opplyst at Bulgaria fekk hjelp i Moskva.

Det bulgarske helsepersonellet kommer ut av flyet i Sofia

Det bulgarske helsepersonellet kjem ut av flyet i Sofia.

Foto: BORYANA KATSAROVA / AFP

Men rampelyset var det Frankrikes presidentpar som sikra seg, med besøk i Tripoli både i timane før og etter frisettinga av fangane og ved å frakte sjukepleiarane heim til Bulgaria. Kva rolle herr og fru Sarkozy eigentleg spela, og om t.d. EUs utsending ufortent er kome i skyggen, må vi bare lure på.

Ropar på investorar

Men mest slåande er det å observere korleis Tripoli nærast har diktert vilkår om handel, investering og bistand for å sette fri gislar som dei både har torturert og halde dødsdømte gjennom mange år. Etter overgrep og utpressing inngår nå Libya lukrative avtalar om tilgang til EU-marknaden, mens industriselskapa står i kø for å sleppe til.

Libya er ein attraktiv samarbeidspartnar som ropar på investorar og har mye å hente inn etter tiårs isolasjon. Ørkenen er rik på råolje og naturgass, og strendene langs Middelhavet nesten urørte.

Ein uberegneleg man

Det var ikkje gått 24 timar etter gisselsaka var løyst tysdag, før Frankrike hadde sikra seg ein avtale om å bygge ein kjernefysisk reaktor for å skaffe Libya drikkevatn frå havet.

Og Tripoli kan vente ein straum av forretningsfolk og politikarar i tida som kjem. Til og med USAs utanriksminister har varsla besøk.

Men enkelte er skeptiske og meiner at EU nå kompromissar i forhold til ein uberegneleg mann som har stått for terror og ennå ikkje respekterer menneskerettane i sitt eige land.

Vil ha Bush til Mekka

Mohammar Gadaffi har alltid overraska og likt å vekke merksemd med sine kostymar og uniformer der han har reist rundt med dei vakre kvinnelege livvaktene sine. Han har tatt teltet sitt med på statsbesøk i Europa, og plassert kamelane sine på plenen framfor luksushotella, slik at han kunne få fersk mjølk kvar morgon.

Titusener av muslimske pilegrimer rundt Kaba i den store moskeen i Mekka.

Bush til Mekka

Foto: KHALIL HAMRA / AP

Han har heller ikkje vore redd for å provosere i den muslimske verda: I fjor foreslo han å opne den heilage byen Mekka også for kristne og jødiske pilgrimar, og meinte at sjølv president Bush burde få lov til å besøke Kaaba, det aller mest heilage sentrum i Mekka, for å ta ein prat med Gud.

Fred og samarbeid

Han har styrt Libya i snart 40 år etter eit militærkupp og kallar seg framleis oberst. Han har fått mye fagnad for å betre helsestellet og kjempe ned analfabetismen i landet, han har gjort mye for sine afrikanske feller, men samtidig hatt fingrane nær meir spektakulære ugjerningar: Bombinga av Pan Am-flyet over Lockerbie, bombinga av eit fransk passasjerfly over Afrika, bombinga av eit diskotek i Berlin, drapet på ei politikvinne i London. Han har støtta opprørsgrupper og gerilja både med pengar og våpen.

 

Deler av Pan-Am-flyet som styrtet i Lockerbie i 1988.

Eit Pan Am-fly blei bomba over Lockerbie i Skottland.

Foto: AP

Men han har også gitt britane opplysningar om IRA, betalt milliardar i erstatning til dei pårørande etter flynedskytingane - og ikkje minst overlate heile atomvåpenprogrammet sitt til amerikanarane. Med det resultat at USA har gått i spissen for å hente Gadaffi inn igjen frå kulda, avblåse sanksjonane mot Libya og fjerne han frå den internasjonale skurkelista.

Denne veka er han definitivt inne, og diplomatiet har scora viktige poeng over militær maktbruk. Det er verdt å merke seg, fordi USA og Storbritannia valte to ulike strategiar i forhold Gadaffi i Libya og Saddam Hussein i Irak.

Og akkurat nå er det fred og samarbeid i Tripoli og krig og uvisse i Bagdad.

SISTE NYTT

Siste nytt