Funn av aztekar-tempel med makaber historie

Eit nytt funn av eit tempel i Mexico fortel ei makaber historie. Menneske vart ofra til ein fertilitetsgud. Dei vart flådde og andre kledde seg i skinna til offera.

Mexico Archaeology

Her vart folk flådde til ære for ein aztekisk gud.

Foto: Meliton Tapia Davila / AP

For tusen år sidan var det ein fast vårtradisjon for aztekarane i Mexico å tilbe guden Xipe Totec. Gjennom tjue dagar feira dei guden som skulle gje dei gode avlingar og ei god innhausting.

Flådde for å skape god innhausting

Men markeringa var nok ikkje like gledeleg for alle. Eit nytt funn av eit tempel der Xipe Totec vart tilbedd, fortel om makabre ritual. I gladiatorliknande kampar vart menneske drepne, og deretter flådde. Skinnet deira vart deretter brukt av religiøse leiarar som tok skinnet rundt seg.

Heile ritualet var til ære for guden, fortel professor ved Universitetet i California, Geoffrey Braswell, til BBC Radio.

– Kvar vår flådde Xipe Totec av huda si, slik som ein slange fjernar si hud. Eller eit endå betre bilete er kanskje eit frø som kastar kapselen det har rundt seg. Guden gjorde dette som ei offerhandling slik at plantane skulle gro betre det kommande året. Mesoamerikanarane ville etterlikne dette, og dei ville at menneske skulle gjere det same med si eiga hud, fortel Braswell.

– Gladiatorkampar som ville fått romarane til å rødme

Dette er forklaringa på kvifor nokon flådde andre menneske og kledde seg i huda deira. Namnet til Xipe Totec betyr «vår flådde herre» om ein omset direkte til norsk, og han var mellom anna guden for landbruk, våren og liv og død, men også hudsjukdommar.

– Aztekarane hadde ein tjue dagar lang ferie då våren starta, rundt mars. Då arrangerte dei gladiatorkampar som ville få romarane til å raudne, og det var mange ulike markeringar av fornying av døden, og at våren vakna opp nytt liv. Ikkje så ulikt påske, når du tenker deg om, seier Braswell.

Historikarar har lenge visst at det finst tempel som vart brukt til å tilbe Xipe Totec, fordi spanjolane har skrive om at dei såg dette då dei først kom til området på 1500-talet. Men dette er første gongen eit slikt tempel er funne.

– Dei trur også det er eit tempel under Metropolitan-katedralen i Mexico City, men eit tempel som dette er aldri funne tidlegare, seier Braswell.

Mexico Archaeology

Eit av to dei to steinhovuda som vart funne oppå det som skal ha vore staden kor gamle menneskeskinn vart lagde etter å ha blitt brukt i 20 dagar.

Foto: Meliton Tapia Davila / AP

Grov ned skinna etterpå

Det er også funne statuar som skal førestille Xipe Totec, og to hovud som ein trur var på toppen av kammer der menneskeskinn vart lagt etter at det var brukt.

– Etter at folk har hatt på seg menneskeskinn i tjue dagar, så er ikkje skinna så fine lengre. Då vil dei folde det saman og lagre det ein stad som er forsegla, slik at ikkje lukt vil sive ut, fortel Braswell.

Slike kammer der skinna vart lagra er framleis ikkje oppdaga.

Det er Mexicos antropologiske og historiske institutt som har stått for utgravinga, og tempelet som er funne var truleg i bruk i perioden mellom år 1000 og 1260. 250 år seinare starta spanjolane si overtaking av Mellom-Amerika.

SISTE NYTT

Siste nytt