Hopp til innhold

SADC: - Valet i Zimbabwe var fritt og fredeleg

Ei sørafrikansk valobservatørgruppe, The South African Development Community (SADC), seier at valet i Zimbabwe onsdag var «fredeleg og fritt».

Lange køer under valget.

Mange av dei som stod i kø for å røyste sist onsdag fekk aldri tilgjenge til vallokala.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

Dermed støttar denne gruppa konklusjonen til Den afrikanske Union (AU) om det ikkje var omfattande valfusk.

– Vi vil gratulere folket i Zimbabwe for å ha gjennomført eit fritt og fredeleg val, heiter det i ei fråsegn frå SADC, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Godta valresultatet

SADC oppmodar Morgan Tsvangirai og hans parti om å godta valresultatet. Observatørgruppa tek likevel eit lite atterhald ved å seie at dei enno ikkje har konkludert med at vala var heilt rettferdige. fordi det er for tidleg.

Situasjonen i Zimbabwe er svært spent. Ein talsmann for partiet til president Robert Mugabe, ZANU-PF, Rugare Gumbo, seier at oppteljinga viser at dei kjem til å få rundt 75 prosent av røystene ved valet.

Tidlegare president i Nigeria, Olusegun Obasanjo.

Nigerias eks-president Olusegun Obasanjo leier observatørgruppa frå Den afrikanske union (AU).

Foto: Ap

Mugabes hardaste konkurrent ved presidentvalet, Morgan Tsvangirai, som leier partiet MDC, sa i går at valet var ein farse og utan verdi , og at ZANU-PF står bak omfattande juks.

– Fritt og rettferdig

Samstundes seier ein representant for Den afrikanske union (AU), som har hatt observatørar til stades ved valet, at det kombinerte parlaments- og presidentvalet sist onsdag var fritt og rettferdig . Delegasjonen frå AU blir leidd av Nigerias tidlegare president, Olusegun Obasanjo. Han seier at det kan ha vore små episodar som burde ha vore unngått, men at dette ikkje vil få innverknad på valresultatet.

Leiaren for Zimbabwes offisielle valkommisjon. Rita Makarau, seier også at valet onsdag var fritt og rettferdig.

Dette er stikk i strid med det ei uavhengig observatørgruppe frå Zimbabwe, ZESN, har funne ut. Gruppa har hatt 7000 observatørar ute i vallokala over heile landet, og deira rapport fortel blant anna at opp mot ein million menneske vart hindra i å røyste.

Zimbabwes statsminister Morgan Tsvangirai

Morgan Tsvangirai kallar valet for ein farse som ikkje speglar folket sin vilje.

Foto: Ap

– Dette valet er alvorleg kompromittert, sa leiaren for ZESN, Solomon Zwana, i går.

Passiv motstand

Ein av toppane i Tsvangirais parti MDC, Roy Bennett, har alt gått ut og oppmoda innbyggjarane i landet til «passiv motsand».

- Eg snakkar om at folk stengjer landet heilt. At dei sluttar å betale rekningar, ikkje går på jobb, at dei stansar heile landet. Eg snakkar om å få samfunnet til å gå i stå, seier Roy Bennett.

Den katolske kyrkja i Zimbabwe hadde 3000 observatørar utplasserte rundt om i landet på valdagen. Ein talsmann for kyrkja seier at det er for tidleg å seie noko om utfallet av valet, men at det er ei «sterk kjensle» av at Robert Mugabe og partiets hans ville vinne.

– Kan ty til vald

– Dersom ein del menneske oppfattar det slik at deira røyst ikkje vart høyrd i valet, kan dei ty til vald. Det er ein viss fare for det, seier talsmannen.

Dei fleste ekspertar er samde om at krangelen om valresultatet vil føre Zimbabwe inn i ei ny djup, politisk krise, og at krisa har eit potensial til å bli valdeleg.

Robert Mugabe har sterk støtte i hæren og politiet, og i går vart opprørspoliti utplassert framfor hovudkvarteret til opposisjonspartiet MDC.

Dei fleste meiningsmålingane har peika på siger til MDC og Morgan Tsvangirai ved valet. Det endelege resultatet er venta i løpet av eit par dagar.

SISTE NYTT

Siste nytt