Hopp til innhold

Varslar full gjennomgang av Boeing 787 Dreamliner etter fleire feil

Dei amerikanske luftfartsstyresmaktene (FAA) varslar full sjekk av Boeings nye flaggskip, 787 Dreamliner, etter fleire hendingar denne veka.

Boeing 787 Dreamliner

Det er oppdaga feil på fleire av Boeings 787 Dreamliner den siste veka.

Foto: HO / AFP

Ein Boeing 787 Dreamliner frå All Nippon Airways måtte setjast på bakken i dag etter at det vart oppdaga ein sprekk i frontruta. Eit anna fly er ramma av oljelekkasje.

Dette er den fjerde og femte episoden med det som blir rekna som Boeings nye flaggskip i løpet av denne veka. Sprekken i frontruta vart oppdaga på ei flyging frå Haneda-flyplassen i Tokyo til Matsuyama sørvest i l Japan.

Eit anna fly av same type frå same selskapet vart ramma av ein oljelekkasje på Miyazaki-flyplassen sør i Japan. Flyselskapet forsikrar om at passasjerane aldri var i fare.

Boeing 787 Dreamliner på Narita-flyplassen i Tokyo.

Det vart oppdaga drivstofflekkasje på ein Boeing 787 Dreamliner frå Japan Airlines på Narita-flyplassen i Tokyo sist onsdag.

Foto: KYODO / Reuters

I løpet av ei veke har seks 787-maskinar blitt sette på bakken. Ved sidan av sprekk i frontruta og oljelekkasje var det snakk om eit branntilløp, drivstofflekkasje og problem med bremsesystemet.

Branntilløp i Boston

Måndag tok ein Boeing 787 Dreamliner frå selskapet Japan Airlines fyr etter å ha landa i Boston i USA. Dagen etter måtte ein Dreamliner frå det same flyselskapet avbryte ei flyging etter at fleire hundre liter drivstoff lak ut frå eit fly på flyplassen i Boston.

Onsdag denne veka måtte flyselskapet All Nippon Airways avbryte ei innanlandsflyging i Japan på grunn av problem med bremsesystemet på eitt av deira Boeing 787-fly.

Same dag vart det oppdaga ein drivstofflekkasje på ein Dreamliner frå Japan Airlines på flyplassen Narita utanfor Tokyo.

Hendingane er ei ripe i lakken for den amerikanske flyfabrikken Boeing, som har satsa mykje på 787-modellen. Delar av flyet er bygd av eit høgteknologisk karbonkomposittmateriale som reduserer vekta på flyet, og dermed gjer det meir drivstoffeffektivt og miljøvenleg.

For tredje gong

Talskvinne for All Nippon Airways, Megumi Tezuka, opplyser at det er tredje gong selskapet har opplevd sprekk i frontruta sidan dei gjekk til innkjøp av denne flytypen i 2011. Selskapet har 17 Boeing 787 i flåten sin.

– Vi ser ikkje på dette som eit grunnleggjande problem med flyet, seier ho til The New York Times. Ho seier at sprekkar i frontruta ikkje er unikt for Boeing 787, og at selskapet har opplevd liknande feil også med andre flytypar.

Det er likevel klart at det har vore ein del problem med denne flytypen sidan All Nippon Airlines som første flyselskap tok i bruk Boeing 787 i oktober 2011.

Feil med testmotor

I juli i fjor gjekk det amerikanske luftfartsverket si tryggingsgruppe inn og granska feil med ein testmotor. Seinare same månaden sette All Nippon Airways sette på bakken på grunn av ein feil med Rolls-Royce-motorane om bord.

I februar i fjor opplyste Boeing at 55 Boeing 787-fly stod i fare for å utvikle eit problem med flykroppen.

Dow Jones Newswires melde nyleg at problem med det elektriske anlegget tvang eit Boeing 787 frå United Continental til å gjennomføre ei tryggingslanding i New Orleans nyleg.

Norwegian kjøper åtte fly

Det norske flyselskapet Norwegian skal ta i bruk Boeing 787 på dei planlagde langdistanserutene sine til New York og Bangkok og har bestilt åtte fly. Det første blir levert i april i år. Så blir det levert eitt i juni og eitt i november.

– Vi er sjølvsagt i løpande dialog med Boeing om dette, men det er viktig ikkje å overdramatisere desse episodane. Alle testar viser at Boeing 787 Dreamliner er meir driftssikre enn andre nye flytypar frå Boeing, seier informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen til NRK.no

Ein talsmann for All Nippon Airways seier at dei ikkje har planar om å endre bestillinga på 38 nye fly av same type. Heller ikkje andre selskap som har bestilt flyet, har planar om å kansellere.

SISTE NYTT

Siste nytt