Det er klart at ein mann er varetektsfengsla i Wien. Politiet i Gøteborg seier det er same mannen som dei har sikta i samband med bortføringa av Siba-direktøren og milliardarvingen Fabian Bengtsson.
Rikspolitiet i Austerrike seier likevel at denne mannen ikkje har noko direkte å gjere med denne saka, men at han har vore ettersøkt for fleire andre brotsverk der i landet.
Den svenske statsadvokaten uttrykte i dag sterk irritasjon over at austerriksk politi uttalar seg om ei sak der etterforskinga blir leidd frå Sverige.
- Det får politiet i Wien svare for. Kva han er mistenkt for der, får dei svare for, sa informasjonssjef Mats Glansberg i Gøteborgs-politiet i dag.
Svensk politi har kravd mannen utlevert til Sverige.
Fabian Bengtsson vart sett fri 3. februar. (Scanpix-foto)
Talsmann for det austterrikske rikspolitiet, Ernst Geieger, seier at den fengsla mannen prøvde å svindle til seg pengar ved å utgi seg for å vere ein av Bengtsson-kidnapparane. Han sende meldingar til Sverige med krav om pengar, seier Geiger til Tidningarnas Telegrambyrå (TT).
Fabian Bengtsson vart bortført i heimbyen Gøteborg måndag 17. januar, og han kom til rette 3. februar. Han kjem frå ein av dei rikaste familiane i Sverige.
I går vart det sagt at svensk politi har fleire mistenkte i saka, og at det kan ventast fleire arrestasjonar i løpet av kort tid.
Avisa Expressen skriv i dag at minst fem personar står bak bortføringa av Fabian Bengtsson. Avisa melder at ein 35 år gammal torpedo i det kriminelle miljøet i Stockholm er svært interessant for politiet i saka.
Denne mannen skal vere austerriksk statsborgar, og skal ha vore sentral i ein pågåande gangsterkrig i den stockholmske underverda.
Stadig meir tyder på at det er personar med tilknyting til eit miljø frå det tidlegare Jugoslavia som er i politiet sitt søkjelys i denne saka.