Det var planlagt eit møte mellom Iran og Russland i Moskva 16. februar. Tema var det russiske forslaget om eit kompromiss i striden om Irans atomprogram, der Iran kunne opprike i uran på russisk jord.
Moskva-møte
I dag varsla iranske styresmakter at det ikkje blir noko møte i Moskva 16. februar. Dette kom tydelegvis overraskande også på Russland, der ein talsmann seier dei framleis held døra open for forhandlingar i Moskva 16. februar, førstkomande torsdag.
I eit anna teikn på at Iran vil halde fram kontrontasjonslina i forhold til Det internasjonale atomenergibyrået IAEA, kom då regjeringstalsmann Gholam Hossein Elham i dag gjorde det klart at Iran vil starte arbeidet med oppriking av uran før det neste møtet i IAEA 6. mars.
Seinare på dagen kom det melding om at arbeidet med å opprike uran starta i dag tidleg på Natanz-anlegget. Oppriking av uran er eit avgjerande steg i utviklinga av atomvåpen.
Samstundes vart det gjort klart at alle overvakinganlegga og forseglingane til IAEA no blir fjerna frå atomanlegga i Natanz og Isfahan.
4. februar vedtok IAEA å klage Irans atomprogram inn for Tryggingsrådet i FN, men opna samstundes for ei løysing på striden ved å gi Iran ein frist fram til 6. mars.
Konfrontasjon
Absolutt ingenting tyder på at Iran vil bøye for det internasjonale samfunnet. Tvert i mot ser alt til å gå i retning av full konfrontasjon.
Den britiske avisa The Sunday Telegraph melde i går at amerikanske militærstrategar er i ferd med å planleggje eit militært angrep på Iran, som ein siste utveg.
Indistruell oppriking av uran er ein viktig del av arbeidet med å utvikle atomvåpen.
Iran nektar for at landet ynskjer å utvikle atomvåpen, men at landet sitt atomprogram berre har som mål å sikre energiforsyninga.
Det internasjonale samfunnet trur ikkje på dei iranske forsikringane, og viser blant anna til at Iran ved fleire høve har gitt feil opplysningar til IAEA om atomprogrammet sitt.