Thailands statsminister Thaksin Shinawatra (t.h.) snakkar med soldatar som er utkommanderte til å slakte kyllingar. (Scanpix/AP-foto)
Denne indonesiske bonden har fått fuglevirus-smitte på garden sin. (AFP/Scanpix-foto)
Landsbruksstyresmaktene i Indonesia opplyser at rundt 4,7 millionar kyllingar har døydd av sjukdom i landet sidan november i fjor. 60 prosent har døydd av den såkalla Newcastle-sjuka, medan dei resterande 40 prosenta er døde av fugleviruset. Smitta har spreidd seg til store delar landet, blir det opplyst.
Newcastle
Newcastle-sjuka er ikkje farleg for menneske, og det er heller ikkje farlege å ete kjøtet av smitta fuglar. Styresmaktene i Indonesia har tidlegare sagt at alle kyllingane var døde av Newcastle-sjuka.
Fugleviruset spreier seg raskt, og det har ført til frykt i mange asiatiske land. Styresmaktene i Thailand brukte i dag soldatar og fangar til å slakte fleire millionar kyllingar i område av landet der det er påvist smitte.
Fugleinfluensaen har hittil teke seks menneskeliv i Vietnam og truleg eitt i Thailand. Hittil er det påvist berre smitte frå fugl til menneske, og ikkje frå menneske til menneske. Dei fleste som er døde av viruset er born, utan at helsestyresmaktene kan gi ei forklaring på kvifor.
Influensa
Fugleviruset kan i utgangspunktet ikkje spreie seg frå menneske til menneske, men faren ligg i at viruset kan ta opp i seg andre virus, til dømes influensavirus. Ei slik samansmelting kan føre til ein livsfarleg epidemi blant menneske.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara om at ein slik epidemi kan få langt meir alvorlege følgjer enn SARS-epidemien i 2003. Helsestyresmaktene i heile Asia er i høg beredskap for at noko slikt kan skje.
Bangladesh
I dag kom det også melding om at at Bangladesh er ramma av ein mystisk sjukdom som har teke livet av minst 12 personar. Mange fleire skal ha blitt sjuke. Styresmaktene i landet seier at dei ikkje har fått melding om sjuke kyllingar, og avviser å kommentere om fugleviruset kan ha spreidd seg også til Bangladesh.
Smitteprøver er sende til USA for å bli analyserte der.
Det er gjennoført masseslakt av kyllingar i fleire land i Asia. Dette biletet er frå Thailand. (AFP/Scanpix-foto)