Hopp til innhold

Fuglesang i verdsrommet

Den halvt norske svensken Christer Fuglesang og resten av mannskapet om bord i romferja "Discovery" tok av frå Kennedy Space Center like før klokka tre i natt.

Christer Fuglesang på veg ut i rommet
Foto: NASA-TV / AP

Fuglesang er den første skandinaven som nokon gong har vore med på ei romferd.

"Discovery" vart skoten opp utan problem, og dette er første gongen den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA skyt opp ei romferje om natta sidan ulukka med "Colombia".

Christer Fuglesang heldt opp eit skilt med denne teksten då han gjekk om bord i romfartyet:

 

"Discovery" på veg ut i rommet.
Foto: Chris O'Meara / AP

"Heja Sverige, Heia Norge og Vive l' Europe".

Christer Fuglesang har norsk far, og han representerer den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Dei andre om bord er to kvinner og fire menn.

Romferda skal vare i 12 dagar, og skal vere det mest kompliserte oppdraget nokon gong. Mannskapet skal delta i byggjearbeida på den internasjonale romstasjonen.

Fuglesang skal to gonger ut i rommet utanfor stasjonen for å monterte nytt utstyr og for å delta i oppkoplinga av det elektriske systemet.

NASA planlegg å fullføre arbeidet på stasjonen innan 2010. På det tidspunktet skal romferjene takast ut av drift. 

 

 

"Discovery" blir skoten opp frå Cape Caneveral i Florida.
Foto: Chris O'Meara / AP

 

 

Mannskapet på romferja "Discovery" før avgang.
Foto: ROBERT SULLIVAN / AFP

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt