Hopp til innhold

Fuglesang helsar frå rommet

Krister Fuglesang og resten av mannskapet om bord i romferja "Discovery" kjem fram til den internasjonale romstasjonen i kveld.

Krister Fuglesang helsar frå rommet
Foto: NASA TV / REUTERS

Det er planlagt dokking klokka 23.06 i kveld.

Dei første bileta frå "Discovery" viser ein humørylt gjeng astronautar.

Svensken med norsk far, Krister Fuglesang, smiler og vinkar til kamera, og det ser ut til at han har det svært så bra om bord i romferja.

 

Sunita Williams på veg til romstasjonen
Foto: NASA / AP

 "Discovery" vart skoten opp natt  til i går. Krister Fuglesang, som representerer Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA, er den første skandinaven som nokon gong har vore med på ei romferd.

Thomas Reiter, også han frå ESA, har vore om bord i den internasjonale romstasjonen i eit halvt år, og han skal vere med "Discovery" tilbake til jorda.

Sunita Williams skal erstatte han om bord i romstasjonen, og ho gler seg til å sjå det som skal bli heimen hennar dei neste månadene. Her skal ho vere sman med Michael Lopez-Alegria frå NASA og Mikhail Tyurin frå Det russiske romprogammet.

Du kan følgje dokkinga direkte på NRK.no/nyheter. 

Romferja "Discovery" på veg ut i rommet.
Foto: NASA / AP

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt