Talsmann for krisedepartementet, Viktor Beltsov, seier at mange fuglar er døde, og at årsaka er det såkalla fugleviruset, AH5. Det er første gong fugleviruset er registrert i Russland.
Vanleg fugleinfluensa smittar ikkje frå menneske til menneske, men kan smitte frå fuglar til menenske.
Verdas helseorganisasjon WHO fryktar at AH5-viruset skal slå seg saman med eit virus som smittar frå menneske til menneske, noko som kan føre til ein verdsomspennande epidemi, ein såkalla pandemi, som kan føre til at fleire millionar menneske dør.