Hopp til innhold

Estisk politimann arrestert av FSB på grensa til Russland

Ein estisk politimann er arrestert av den russiske tryggingstenesta og sikta for spionasje. Saka har vekt harme og frykt både i Estland og i dei andre baltiske landa.

Politimannen Eston Kohver (t.h.) og Estlands president Toomas Hendrik Ilves.

Politimannen Eston Kohver (t.h.) møtte i 2010 Estlands president Toomas Hendrik Ilves.

Foto: TOOMAS VOLMER / Afp

Estiske styresmakter seier at dei russiske tryggingsstyrkane trua politimannen Eston Kohver med våpen inne på estisk territorium, og at dei deretter tok han med inn i Russland. Her risikerer han 20 års fengsel for spionasje.

EU kravde i kveld at Kohver straks måtte setjast fri. Den russiske tryggingstenesta FSB, etterfølgjaren til KGB, har i ei fråsegn sagt at Kohver vart arrestert då han samla etterretningsopplysningar nordvest i Russland, nær grensa til Estland.

– Etterforska kriminalsak

Estlands president Toomas Hendrik Ilves har ein heilt annan versjon av det som skjedde. Han seier at den estiske politimannen dreiv etterforsking i ei kriminalsak ikkje langt frå den russiske grensa, men at han heilt klart var på estisk side.

Arrestasjonen skjedde berre få dagar etter at USAs president Barack Obama vitja Estland. Besøket vart sett på som eit signal til den tidlegare sovjetstaten om at USA var på dei baltiske landa si side i ei tid med uro i samband med krisa i Ukraina.

Varselskilt nær grensa mellom Estland og Russland.

Det var i dette området nær grensa mellom Estland og Russland at den estiske politimannen vart bortført.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Den estiske påtalemakta seier ifølgje AFP at dei russiske soldatane som bortførte politimannen brukte støysendarar og røykgranatar. Forsvararen til Kohver, Mikilai Polozov, seier at han er plassert i eit FSB-fengsel i Moskva.

– I strid med internasjonal lov

– Vi er uroa over at den estiske politimannen. Han vart bortført av den russiske tryggingstenesta inne på estisk territorium 5. september nær grensa mellom Estland og Russland. Slike handlingar er i strid med internasjonal lov og mot prinsippet om ukrenkjelege grenser, heiter det i ei fråsegn frå EU.

Ein talsmann for EU seier at EUs delegasjon i Moskva har vore i kontakt med russiske styresmakter i håp om å finne ei løysing på saka. Han fortel at EU har kravd at den estiske politimannen straks må setjast fri.

FSB har opplyst til AFP at Eston Kohver var væpna, at han hadde 5000 euro på seg og mykje spesialutstyr for skjulte lydopptak. Han hadde også dokument på seg som tydeleg beviste at han var ute på eit etterretningsoppdrag, heiter det.

Baltisk uro

Dei tre baltiske landa har store etnisk russiske minoritetar, og det vekte sterk uro i desse landa då Russlands president Vladimir Putin i mars i år sa at Russland hadde rett til å «verne» russiskspråklege i Ukraina.

Både Litauen, Latvia og Estland er medlemer i EU og Nato, og Nato har fleire gonger dei siste månadene gjort det klart at organisasjonen tek på alvor paragrafen i Nato-charteret om at eit angrep mot eitt av landa, blir sett på som eit angrep på alle.

LES OGSÅ: Russland vil endre sin militære strategi mot Nato

LES OGSÅ: Estlands president til Norge: – Endret programmet i siste liten

LES OGSÅ: Norge skal delta i ny NATO-styrke

SISTE NYTT

Siste nytt