NRK Meny
Normal

Frykter vald i Kongo etter FN-krangel

Etter ein krangel med FN varslar Kongo at dei på eiga hand vil starte ein militær offensiv mot ein frykta milits. Kirkens Nødhjelp fryktar no auka vald og overgrep mot sivile.

DRCONGO-CONFLICT-DISPLACED DRCONGO-CONFLICT-DISPLACED

Desse var nokre av dei 900.000 menneska som vart drivne på flukt i Kongo under uroa i 2009. No fryktar Kirkens Nødhjelp ein reprise.

Foto: LIONEL HEALING / AFP

– Me er særs uroa for utviklinga. Dette vil bety store lidingar for folket, seier Kirkens Nødhjelp sin representant i Den demokratiske republikken Kongo, Madel Gunnarshaug Rosland.

Bakgrunnen for uroa er brot i eit planlagd samarbeid mellom FN og den kongolesiske hæren. FN sette ned foten då Kongo ønskja å ha Bruno Mandevu og Sikabwe Fall som leiarar av operasjonen. Dei to er skulda for grove brot på menneskerettane og overgrep mot sivile.

No varslar Kongo at dei vil starte ein offensiv åleine mot den frykta FDLR-militsen, og akkurat det skapar vonde minner tilbake til 2009.

– Mange har starta flukta allereie

Også då var det den kongolesiske hæren og FDLR som kriga. Den gong vart 900.000 drivne på flukt, og hæren vart skulda for overgrep og massakrer. Seks år har gått, men minna er framleis sterke. No har allereie fleire starta å flykte frå den kongolesiske hæren sin offensiv.

CONGO Militants from the Democratic Forces for the Liberation of Rwanda (FDLR) stand near a pile of weapons after their surrender in Kateku

I fjor overgav ein del av FDLR-militsen seg og markerte det ved å overlevere våpen. Men militsen er framleis aktiv, og skal no nedkjempast med makt.

Foto: KENNY KATOMBE / Reuters

– Mange starta flukta frå heimane sine med ei gong operasjonen vart kunngjort, fortel Rosland.

Mange folk i DR Kongo fryktar sin eigen nasjonale hær, grunna manglande moral ved tidlegare høve. Mange fryktar den kongolesiske hæren vil angripe sivile. Og det er også ei utfordring at soldatane i FDLR-militsen enkelt kan blande seg med lokalbefolkninga, og dermed sette mange liv i fare.

Den kongolesiske hæren sin manglande moral har tidlegare skapt stor frykt. Rosland viser til eit sitat frå ein menneskerettsrapport som syner korleis situasjonen var i 2009.

– For kvar soldat som vart avvæpna, så vart ein sivil drepen, sju kvinner eller barn vart valdtekne, seks hus vart brente og 900 menneske vart drivne på flukt, står det skrive i rapporten.

DRCONGO-RWANDA-UGANDA-UNREST-FILES

Aust-Kongo er prega av mange mindre militsar. Den kongolesiske hæren og FN-styrken Monusco har saman nedkjempa M23-militsen. No er dei ueinige om korleis FDLR-militsen skal stoppast.

Foto: STRINGER / Afp

Førebels ikkje meldt om kampar

I ettertid har hæren samarbeida mykje med Monusco, som er FN si fredstryggjande styrke i Kongo. Den kongolesiske hæren og Monusco nedkjempa mellom anna den frykta M23-militsen i 2013, noko som vert sett på som ein vellukka operasjon.

Men hæren har framleis mange utfordringar, og tilliten blant folket er låg. Men å kaste dei to militære leiarane nektar DR Kongo og president Joseph Kabila å gjere, og dermed er samarbeidet brote.

Kongo har varsla at dei vil gå til offensiv åleine, men førebels er det ikkje meldt om kampar i landet. Kirkens Nødhjelp er likevel førebudde på uro.

– Me er førebudde til å ta mot nye flyktningar i dei leirane me jobbar i, avsluttar Rosland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt