Hopp til innhold

Fryktar Rwanda-tilstandar i Kenya

Kenyanske aviser åtvarar i leiarartiklar mot etnisk blodbad i landet, og dreg parallellar til historiene frå Rwanda og Somalia.

Kenya
Foto: STR / REUTERS

Uvissa om kven som eigentleg vann valet i landet og aukande valdshandlingar, får leiarskribentane i avisene til å ropa varsko.

Samstundes åtvarar det norske utanriksdepartementet nordmenn mot å reise til Kenya.

Me kan få ein situasjon som det me har sett i Rwanda, Somalia og Sierra Leone. I desse landa har dei opplevd folkemord i utenkjeleg skala.

Daily Nation / Daily Nation på leiarplass onsdag.

– Dersom det ikkje vert innført tiltak for å arrestera dei som står bak drapa med det same, kan Kenya koma til å søkkja ned i ein djup avgrunn.

Leiarskribenten i Daily Nation fryktar at Kenya kan koma i same situasjonen som ein har sett i Rwanda, Somalia og Sierra Leone. Der har dei opplevd folkemord i utenkjeleg skala.

– Dette er ikkje ein situasjon som vil stogga av seg sjølv. Det er naudsynt med strakstiltak for å redda Kenya som til no har vore sett på som eit av dei mest stabile demokratia i Afrika, la avisa til.

Valresultat

Tre dagar etter presidentvalet der Mwai Kibaki vart utpeikt som vinnar, er valresultatet sterkt omdiskutert.

 

Mwai Kibaki
Foto: SAYYID AZIM / AP

 

– Eg veit ikkje om Kibaki vann valet, seier leiaren for valkommisjonen, Samuel Kivuito, i eit intervju med avisa The Standard.

Kivutu sa sundag at Kibaki hadde slege opposisjonsleiar Raila Odinga med meir enn 200.000 røyster. Men onsdag sa han at han hadde vore utsett for press frå partiet til Kibakii, og han meiner no at rettsvesenet må ta opp skuldingane om valfusk.

– Dersom dette kjem opp for ein domstol, bør me få ein rask dom, slår han fast.

Utanriksministeren Storbritannia David Miliband sa onsdag at han ikkje veit kven som har vunne valet i Kenya, og skulda både Kibaki og opposisjonen for å stå bak valdshandlingane i landet.

Felles ansvar

Miliband understreka at leiarane i Kenya har eit stort ansvar for både å stogga valdshandlingane og til å koma fram til semje, og vonar at både Odinga og Kibaki innser at det ikkje er noko å vinna på denne situasjonen.

– Fyrst og fremst veit me ikkje kven som vann valet. Det me veit er at det eksisterer sterke påstandar frå båe sidene. For det andre kan me slå fast at båe sider har ansvar for situasjonen, understreka han.

Krisemøte i Nairobi onsdag

I ei fellesfråsegn med utanriksministeren i USA Condoleezza Rice oppmodar Miliband Kibaki og Odinga til å koma saman og søkje eit kompromiss som kan stogga valden og sikra demokratiet i Kenya.

Leiaren for Den afrikanske unionen, presidenten i Ghana, John Kufour, kjem til Nairobi onsdag for å ha krisemøte med president Mwai Kibaki. AU-leiaren har sagt seg villig til å hjelpa med ein forsoningsprosess mellom Kibaki og utfordraren hans Raila Odinga.

Bryllaupsreise med folkemord

– Det er inga kjekk bryllaupsreise når du har folkemord rundt deg, seier Johan Jönson. Eit halvt år etter at han og Linda Anderberg gifta seg vigsla skulle paret til Afrika for å oppleva dyr og natur.

No prøver dei å koma seg til Nairobi og flyplassen for å koma seg vekk, seier dei til aftonbladet.se.

Dei kom til Kenya dagen etter valet og skulle på safari frå Kenya til Uganda, men på grunn av uroa i landet kjem dei seg ikkje til grensa.

Flyplassen i Nairobi er framleis open og dei nygifte, saman med resten av turistane som skulle på safari, voran at dei snart kjem seg til rolegare strok.

Tusenvis er drivne på flukt

«Det eg såg var heilt utenkjeleg og utruleg», seier direktøren for den kenyanske raudekrossen, Abbas Gullet, etter å ha vitja fleire av dei verst råka områda i Vest-Kenya tysdag.

 

Uro i Kenya
Foto: STR / REUTERS

 

Han fortalde reporterane at dette er ein katastrofe. Han fortalde at rundt 70.000 personar var fordrivne frå heimane sine berre i dei områda han hadde vore i.

Eit videoopptak som ei humanitær gruppe har gjort synte fleire hundre gardar som sto i brann, vegsperringar kvar tiande kilometer. Ved desse sperringane avgjer stammetilhøyrsla om ein slepp gjennom eller ikkje.

Offisielle talsmenn i Uganda rapporterer om at hundrevis av medlemer av stammen til den attvalde persidenten Mwai Kibaki's Kikuyu kryssar grensa frå Kenya. Dei fryktar at tilhengjarane til utfordraren Raila Odinga skal ta livet av dei.

Tende på kyrkje

Tysdag vart minst 35 born og vaksen som hadde søkt ly i ei kyrkje nær den vestlege byen Eldoret brende levande av sinte opprørarar.

Dette skal vera den verste episoden etter valet 27. desember. Overlevande og politiet sa at dynka kyrkja med bensin før dei tende på.

Offisielle talsmenn i Uganda rapporterer om at hundrevis av medlemer av stammen til den attvalde persidenten Mwai Kibaki's Kikuyu kryssar grensa frå Kenya. Dei fryktar at tilhengjarane til utfordraren Raila Odinga skal ta livet av dei.

Minner om etnisk reinsing

Med president Kibaki som høyrer til den største stammen i Kenya, Kikuyuane, og Odinga som høyrer til den nest største stammen, Luo-ane, har valden utvikla seg til eit etnisk opprør med drap og målretta brannar.

Ein stamme går til åtak på ein annan på ein måte som kan skildrast som etnisk reinsing.

Seniorpolitisjef om uroa i Kenya

Uvanleg uro i Kenya

Den gruelege etniske valden som har brote ut dei siste dagane er uvanleg i Kenya. Eit land som vanlegvis vert rekna som eit stabilt demokrati regionen.

Med meir enn 110 drepne tysdag, er no 306 personar drepne i politisk uro etter valet.

SISTE NYTT

Siste nytt