NRK Meny
Normal

Syriske styrkar på veg mot ny opprørsbastion

Same dag som FNs naudhjelpskoordinator kom til Syria for å besøke utbomba opprørsbyar, har syriske styrker rykka vidare for å slå ned på ein ny opprørsbastion.

Soldater i Den frie syriske hær

Stridsvogner og soldatar skal vere på veg med tunge krefter mot ein ny by i Syria som er styrt av opprørsstyrkane.

Foto: STR / Afp

Stridsvogner og soldatar frå regjeringsstyrkane har sett kursen mot provinsen Idlib, ifølgje opposisjonsalliansen Det syriske nasjonalrådet (SNC).

Millitærkolonner på veg

– SNC har notert 42 stridsvogner og 131 køyrety med soldatar på veg frå Latakia i retning byen Saraqeb, samt fleire millitørkolonner på veg mot byen Idib, seier gruppa i ein uttale.

Fryktar ny massakre

– Vi treng umiddelbar handling på alle nivå for å hindre ei reprise av massakren i Baba Amr, der hundrevis av menneske har falt, seier talsmenn for opposisjonsalliansen.

LES: – Soldatane torturerer og drep sønene våre

LES: - Syria har bombet fluktrute

Bydelen har i fleire veker vore utsett for kraftige angrep av regimevennlege styrker, og humanitære organisasjonar har lenge pressa på for å få tilgang til såra og andre som treng hjelp.

No når syriske regjeringsstyrkar mobiliserer seg, fryktar opposisjonsalliansen ei gjentaking av massakren i Baba Amr.

FNs naudhjelpskoordinator er der

FNs naudhjelpskoordinator Valerie Amos kom til Syria i dag, og besøkte det krigsherja området i Homs. Ifølgje ei talskvinne var synet som møtte Amos eit sjokk.

LES: Naudhjelp inne i utbomba bydel i Homs i 45 minutt

– Homs er blitt lagt fullstendig i ruinar, sa naudhjelpskoordinatoren.

Det var svært få menneske der. Dei einaste menneska som var att i ruinane såg ut til å gå og leite etter eigendelar og slike ting, fortel talskvinna til Amos.

Homs har vore åstad for brutale angrep og kampar dei siste vekene, og medan Amos var på besøk skal ho ha blitt stoppa frå å gå inn i dei verste områda trass i at ho blei lovd tilgang.

Innbyggjarane som flykta frå Baba Amr, fortalte regjeringsstyrkane dreiv reine avrettingar av folk då dei tok over bydelen førre veke.

No har dei fleste rømt frå bydelen, men FN-delegasjonen skal ha høyrt skot medan dei var på besøk ifølgje talskvinna til Amos.

Regjeringsstyrkane gir seg ikkje

Medan likstanken heng tungt i Baba Amr, rullar syriske stridsvogner også vidare mot Deraa. President Bashar al-Assad åtvarar på ny at opprøret vil bli knust.

Tysdag blei det meldt om ein ny offensiv mot byen Herak i provinsen Deraa sør i landet. Det var der det syriske opprøret starta i fjor.

Kjelder melder om tunge bombarderingar mot bustader og moskear. Samtidig blir det fortalt at soldatar går frå dør til dør på jakt etter opprørarar.

– Skal knuse opprørarane

Syrias president al-Assad gjentok tysdag bodskapen om at Syria vil nedkjempe dei væpna opprørarane i landet, som ifølgje han er terroristar med støtte frå utlandet.

– Det syriske folk, som også før har knust utanlandske samansvergelsar, har igjen vist evne til å forsvare nasjonen og bygge eit nytt Syria (...) i kampen mot utanlandskstøtta terrorisme, seier Assad ifølgje nyheitsbyrået SANA.

Presidenten meiner utanlandske maktar prøvar å undergrave det syriske regimet.

Vestlege leiarar held framleis fast på at det ikkje er aktuelt med ein militær intervensjon i Syria, og satsar framleis på diplomati.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt