NRK Meny
Normal

Styrtregnet frå "Lee" truar New Orleans

Den tropiske stormen «Lee» kom i kveld norsk tid inn over New Orleans, og det er venta over ein halvmeter med regn dei nærmaste dagane.

Foflk merkar uveret i French Quater i New Orleans.

Ein mann kjempar seg gjennom gatene i French Quarter i New Orleans laurdag.

Foto: CHERYL GERBER / Afp

Innbyggjarane i New Orleans har øydeleggingane etter orkanen «Katrina» i 2005 i friskt minne. Det einaste positive i meldingane frå Det nasjonale orkansenteret er at «Lee» truleg vil halde seg under 120 kilometer i timen, som er grensa for å bli rekna som orkan.

Innbyggjarane i New Orleans frykter nedbørsmengdene.

Innbyggjarane i New Orlenas fryktar at nedbørsmengdene igjen skal overfløyme flaumvernet utanfor byen.

Foto: Gerald Herbert / Ap

Det er ikkje starta noko evakuering frå New Orleans, men det er stor frykt blant innbyggjarane for at byen igjen skal bli offer for naturkreftene.

Under havnivået

Men det er venta at flaum kan skape store problem i den lågtliggjande storbyen i delstaten Louisiana. Halvparten av New Orleans ligg under havnivået, og byen er verna av eit system med flaumvern og demningar.

Dette systemet er i stand til å ta unna 2,5 centimeter med regn i timen, og det knyt seg stor spenning til om flaumverna vil greie å halde vassmengdene unna.

I 2005 vart 80 prosent av byen sett under vatn av orkanen «Katrina». 1500 menneske omkom, og det vart gjort skade for 450 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Orkanar i kø utanfor USA

LES OGSÅ: Vær og uvær - og Irene

LES OGSÅ: God natt Irene – god morgen Katia?

Svakare «Katia»

Det er venta at «Lee» vil føre til enorme nedbørsmengder og flaum også i delstatane Mississippu, Alabama, Texas og delar av Florida.

Samstundes har den tropiske orkanen «Katia», som er på veg mot det amerikanske fastlandet frå Karibia, blitt svakare det siste døgnet.

LES OGSÅ: Overkommeleg Irene etter rådyr Katrina

LES OGSÅ: Nordmann sto i orkanens sentrum

Debbie Shifter framfor huset sitt i Bay St. Louis.

Debbie Shifter i Bay St. Louis fryktar at vatnet skal stige endå meir.

Foto: DAN ANDERSON / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt