Hopp til innhold

Fryktar matmangel i Pakistan

- Fleire millionar flaumoffer i Pakistan kan få for lite mat til vinteren, seier generalsekretæren i Røde Kors, Børge Brende.

Flyktningleir i Sukkur i det sørlege Pakistan.

Det er frykt for matmangel i dei mange flyktningleirane med flaumoffer i Pakistan. Dette er frå ein leir i Sukkur sør i landet.

Foto: Aaron Favila / Ap

Børge Brende er generalsekretær i Røde Kors-

Børge Brende oppmodar folk om å gi meir hjelp til Pakistan.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Sist helg deltok Brende på eit møte Det internasjonale Røde Kors i Doha, for å koordinere hjelpa til dei to millionar menneska som er på flukt etter flaumen i Pakistan tidlegare i år.

LES OGSÅ: Hvorfor gir vi penger, ikke ting?

LES OGSÅ: - Dei er fråtekne alt

Tragiske konsekvensar

- Både verdssamfunnet og pakistanske styresmakter må auke innsatsen for at vi skal unngå tragiske konsevensar, seier Børge Brende.

Den tidlegare Høgre-politikaren teiknar eit dystert bilete av situasjonen i Pakistan. Han peikar på at landet står overfor tre katastrofar, som alle har ulike behov når det gjeld hjelpeinnsats.

I den nordvestlege delen av landet er det mange av dei flaumramma som går ein hard vinter i møte utan skikkelege stader å bu.

I Punjab er meste parten av jordbruksområda øydelagde og dekka av gjørme.

LES OGSÅ: - Her sto huset mitt

Matjorda er borte

I den sørlege delen av landet står store delar av Sindh-provinsen framleis under vatn, og matjorda er borte.

- Røde Kors har alt hjelpt ein millionar menneske med mat. I tida som kjem vi til å levere ut vinterly til ein million menneske. Spesielt i dei nordlege fjellområda i Pakistan er folk uroa for om dei kjem til å overleve den kalde vinteren, seier Brende.

Han fortel at målet til Røde Kors er å hjelpe to millionar menneske i løpet av dei neste 18 månadene. HIttil har vel ein million fått hjelp. Familiane får utdelt mat for ein månad om gongen, og det er i hovudsak Sukker, mjøl, ris, te, salt, olje, kikerter og bønner.

LES OGSÅ: - Meterdyp gjørme i flomområdene

LES OGSÅ: FN: Sult er verdens største skandale

Psykososial støtte

Røde Kors i Noreg driv saman med systerorganisasjonen i Canada ein mobil helseklinikk i den sørlege Sindh-provinsen. Her har over 3500 menneske fått medisinsk behandling, og over 8000 har fått psykososial støtte av helsearbeidarar frå Sverige og Noreg.

Børge Brende oppmodar folk om å gi pengar til Røde Kors sin aksjon for flaumoffera i Pakistan.

Fleire millionar menneske lever i slike flyktningleirar i Pakistan.

Fleire millionar menneske liver i slike flyktningleirar i Pakistan.

Foto: Aaron Favila / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt