Fryktar Kosovo-avtale kan føre til farlege grensestridar

Røynde statsmenn blir nervøse når leiarane i Kosovo og Serbia byrjar snakke høgt om å bytte jord dei tidlegare ville ofre livet for å forsvare.

KOSOVO-SERBIA/ Members of the Serbian gendarmerie detain two armed police officers from Kosovo near Merdare border crossing point between Kosovo and Serbia

KREVJANDE SAMARBEID PÅ GRENSA: To kosovoalbanske grensevakter blir arrestert av serbiske spesialstyrkar i 2012. No samarbeider dei to landa om grensepassering, etter hardt press frå EU.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Dette er ei oppskrift på geopolitisk uro, sa Carl Bildt til Washington Post.

Også Angela Merkel er skeptisk.

– Grensene på Vest-Balkan er ukrenkelege, sa Merkel da ho møtte den bosniske statsministeren tidlegare i august.

Bakgrunnen er rykte om at leiarane for Kosovo og Serbia er på veg til å bli samde om eit landbytte, eit rykte som vart forsterka under ein paneldebatt ved det politiske forumet i tyrolarlandsbyen Alpbach i Austerrike.

AUSTRIA-EU-FORUM

DELING AV KOSOVO? I helga var det mange som følgde dette panelet i Alpbach. Frå venstre, EUs utvidingskommissær Johannes Hahn, forskar Tena Prelec, austerrikes president Alexander Van der Bellen, serbias president Aleksandar Vucic, Kosovos president Hashim Thaci, slovenias president Borut Pahor og den bosniske analytikaren Adnan Cerimagic.

Foto: HERBERT NEUBAUER / AFP

Der understreka dei to presidentane at dei ynskjer ei «grensejustering» for å legge Kosovo-konflikten bak seg.

Serbia nektar å anerkjenne staten Kosovo, og konflikten er ein verkebyll for begge land, som ynskjer medlemskap i EU.

Men det som gjer Carl Bildt og andre «Balkan-ekspertar» urolege, er at USAs nasjonale tryggingsrådgjevar, John Bolton, seier USA ikkje har noko imot eit landbytte mellom dei to landa.

I eit scenario får Serbia dei serbiske kommunane nord i Kosovo, medan Kosovo får den hovudsakleg albanske Presevo-dalen i Serbia.

Laster kart, vennligst vent...

BYTEHANDEL?: Leiarane kallar det ei grensejustering, men kor omfattande vil den bli? Vil Kosovo gå med på ei deling av landet for å få til ein avtale, eller vil dei krevje noko tilbake, som til dømes den albansk-dominerte Presevodalen?

– Fryktar dominoeffekt

Den bosniske analytikaren Adi Cerimagic sat i panelet i Alpbach saman med Vucic og Thaci. Han fortel til NRK at mange i det tidlegare Jugoslavia er urolege for at eit slikt landbytte vil føre til ei destabiliserande dominoeffekt.

Han viser til Bosnia, der kroatar og serbarar på sikt kan byrje å krevje land, og i Makedonia der den albanske minoriteten kan byrje tenkje høgt om grenseendringar. Og slik opnar ein opp for stridsspørsmål som er over hundre år gamle på Balkan, meiner han.

– Det er farleg fordi minoritetar på Balkan kan byrje å krevje å bli innlemma i land der dei blir ein majoritet, sa Cerimagic, analytikar ved ESI til NRK.

Han meiner at minoritetar må kunne leve innanfor dei eksisterande landegrensene, og at ein heller må jobbe med forsoning og å styrke demokratiske institusjonar.

BULGARIA-EU-SUMMIT-BALKANS-POLITICS

MERKEL SKEPTISK: Angela Merkel vil behalde grensene slik dei er. Kosovo sin president Thaci til venstre, Serbia sin president Vucic til høgre.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

Men det finst ekspertar som er mindre uroa. Andrea Capussela har vore internasjonal rådgjevar for regjeringa i Kosovo. Han skriv i bloggen til London School of Economics at han ser risikoen, men at ein gjensidig avtale er mindre farleg enn for eksempel da Kosovo einsidig lausreiv seg frå Serbia i 2008.

– Kvifor var det greitt å einsidig endre grensene i 2008, medan ein gjensidig avtale i 2018 er uakseptabelt, spør Capussela.

Samtidig viser han til at serbiske og kosovoalbanske leiarar må arbeide hardt for å selje inn ideen på heimebane.

Capussela får støtte av professor Marko Prelec ved Det sentraleuropeiske universitetet. I Politico skriv han at så lenge Kosovo og Serbia blir gjer ein avtale begge land kan leve med, så er det liten grunn til å frykte ei dominoeffekt.

SISTE NYTT

Siste nytt