Hopp til innhold

Fryktar for dei som er på flukt i vinterkulda

I temperaturar på ned mot minus 20 bur tusenvis av flyktningar og migrantar i telt eller utandørs sør i Europa. Flyktninghjelpen er ein av fleire organisasjonar som omtalar situasjonen som alvorleg.

Barn i gresk flyktningleir

Eit barn på veg til teltet med ein pose appelsinar. Tusenvis av flyktningar og migrantar, også barnefamiliar, har berre telt som husvære i den bitande vinterkulda.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

– Vi snakkar om barnefamiliar, eldre, folk som er sjuke. Dei taklar det så bra som ein kan, men det er store vanskar med korleis folk har det. Vi har hatt fleire sjølvmordsforsøk på grunn av situasjonen i Hellas og måten folk bur på, seier Claire Wheelan, som jobbar for Flyktninghjelpen i Athen, på telefon til NRK.

Dei har leirar både på den greske øya Chios og på fastlandet, og Wheelan fortel om folk som verken har tilgang på varme eller toalett. I tillegg har vatnet frose. På Chios må folk stå i timeslange køar utandørs for å få utlevert mat.

Fordeling av flyktningar har stagnert

Også FNs høgkommissær for flyktningar er uroa. Dei bad fredag om at dei 15 000 flyktningane og migrantane som oppheld seg i dei overfylte leirane på øyene blir flytta, om ikkje lenger, så i alle fall til fastlandet.

Den siste tida har det fleire gonger vore opptøyar i leirane blant migrantane som er frustrerte over det dei meiner er ei treig handsaming av asylprosessen. I ein avtale mellom EU-landa om å fordele flyktningane seg imellom har berre 7760 av 66400 migrantar så langt blitt flytta.

Migrantar i Beograd

Tak over hovudet, men ikkje så mykje meir. Mange migrantar blir sjuke av å puste inn farleg luft frå den opne elden dei tyr til i eit forsøk på å varme seg.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / Afp

Flyktninghjelpen meiner også at ein må gjere noko med situasjonen, men Wheelan seier at plassane på fastlandet ikkje er særleg mykje betre. Ho fortel om brenning av bål innandørs som gjer at migrantane pustar inn skadeleg luft.

Tre frosne i hel i Bulgaria

Det same er tilfellet litt lenger nord på Balkan. Nær 2000 asylsøkarar og migrantar søv utandørs i Serbia, både i hovudstaden Beograd og på grensa til Ungarn, ifølge Human Rights Watch.

Rundt 1000 oppheld seg i nedlagde lagerhallar nær togstasjonen i den serbiske hovudstaden, utan tilgang på elektrisk varme, toalett eller dusj.

Migranter spiser utenfor lagerbygning i Beograd

Human Rights Watch skuldar den serbiske regjeringa for å hindre humanitære organisasjonar i å hjelpe. Her utanfor ein forlaten lagerbygning i Beograd får likevel frivillige dele ut mat til migrantane.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

I nabolandet Bulgaria blei to irakiske menn funne frosne i hel i ein skog nær grensa til Tyrkia, etter at det hadde vore snøstormar i området, melder nyheitsbyrået AFP.

Tidlegare denne veka blei ei somalisk kvinne funne død av kulde i same området.

I motsetning til den sterke kontrollen av sjøgrensa mellom Tyrkia og Hellas etter at den mykje omtala flyktningavtalen mellom EU og Tyrkia, er det framleis fritt leide på deler av grensa nord i Hellas og mot Bulgaria.

Trass i at talet på flyktningar og migrantar som kom til Europa i 2016 berre var ein tredel av talet på dei som kom året før, er det framleis store tal. 364 000 kom til EU i fjor ifølge Frontex som kontrollerer unionens yttergrenser.

SISTE NYTT

Siste nytt