NRK Meny
Normal

Demonstrantar fryktar at Putin vil bruke makt

Motstandarane til Putin fryktar at han vil verte brutal når han slår ned på framtidige protestar og demonstrasjonar.

Titusenvis demonstrerer

Titusenvis demonstrerte etter at Putin gjekk av med sigeren i presidentvalet søndag.

Foto: Kathrine Hammerstad / NRK

– Det er tydeleg at tida for fredelege demonstrasjonar og marsjar er over, skriv den kjende forfattaren Boris Akunin, etter at demonstrantar blei brutalt fjerna frå gatene i fleire russiske byar etter at Putin sigra i valrunden søndag.

Akunin er blant dei som ikkje lengre trur at slike demonstrasjonar kan gå føre seg utan harde reaksjonar frå styresmaktene.

LES: Putin utropar seg sjølv til vinnar

Fleire og større demonstrasjonar

Her kjøres demonstrantene bort

Her blir demonstrantar kjørt vekk

Foto: Evgenija Vorobijeva / NRK

Russiske opposisjonelle vil gjennomføre nye demonstrasjonar etter at fleire hundre demonstrantar vart gripne måndag.

– Titusenvis av menneske kjem til å gå ut i gatene i Moskva og andre byar og nekte å fjerne seg, seier bloggaren og protestleiaren Aleksej Navalnij.

– Vi kjem til å halde fram med det heilt til krava våre blir innfridd, held han fram.

LES: Truer med å omringe Kreml etter nytt juksevalg

LES: Kjemper mot Putin – håper på massivt valgjuks

Måtte i retten etter demonstrasjon

Navalnij og to andre leiande opposisjonelle skulle tysdag møte i retten etter å ha nekta å avslutte ein demonstrasjon mot statsminister Vladimir Putin i Moskva dagen før.

Demonstrasjonen gjekk fredeleg føre seg, men då den avtalte tida for demonstrasjonen var ute, byrja politiet å arrestere dei som ikkje fjerna seg frå plassen.

Ifølgje politiet vart 250 personar gripne i Moskva og 370 i St. Petersburg i samband med demonstrasjonane. Fleire hundre av dei vart tysdag sett fri, ifølgje russiske styresmakter.

LES: Moskva: Politiet har arrestert tre opposisjonsledere

Vitne fortel at politiet brukte sterke krefter for å fjerne demonstrantane. Fleire blei skadde og demonstrantar blei samla opp og plassert i bilar før dei blei bortkøyrde.

LES: – Opposisjonen kan vokse

– Putin fryktar sitt eige folk

Opposisjonsleiaren Boris Nemtsov seier at slike politiaksjonar sender eit signal om at Putin ikkje har tolemot med motstandarar som krev meir demokrati og politiske reformer.

– Dette viser ein frykt for sitt eige folk, frykt for å miste makt og ein sterk tillit til politistyrkane, skreiv den liberale opposisjonsleiaren Boris Nemtsov i ein blogg.

Russisk UD reagerte

USA sin ambassadør til Russland, Michael McFDaul, skreiv på nettsamfunnet Twitter at arrestasjonane var urovekkjande, og at fridomen til å samle seg i protest og halde talar er universelle verdiar.

For denne utsegna blei han irettesett av Russlands utanriksdepartement.

Departementet svarte at det russiske politiet hadde vore langt meir tilbakehaldne enn det amerikanske politiet då dei fjerna antikapitalistiske demonstrantar frå gatene i USA.

Taktisk tilbakehalden

Politiske observatørar meiner at årsaka til at fleire politifolk har vore tilbakehaldne med valdsbruken mot demonstrantar til no, er at Putin er bestemt på å ikkje gi kritikarane moglegheit til å skildre han som ein diktator som undertrykker all motstand mot autoriteten.

LES: Varsler nye protester i Russland

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt