Hopp til innhold

Fryktar at millionar kan døy i det stille

Fleire millionar menneske kan døy av svolt dei neste månadene. No går norske hjelpeorganisasjonar saman, for å unngå den verste sveltekatastrofen på over 70 år.

Hungersnød Somalia

KRITISK: Mangel på mat har ført til at mange millionar barn er underernærte. Sju år gamle Ibrahim Ali bur i ein flyktningleir i Somalia saman med mora si.

Foto: Farah Abdi Warsameh / AP

Ho held den vesle, tynne kroppen i armane sine. Sahra Muse prøver alt ho kan å trøyste sonen, men orda og songen kan ikkje mette.

Nyheitsbyrået AP har møtt henne i ein flyktningleir utanfor Mogadishu. Dei kjem frå eit område i Somalia som er kontrollert av ekstremistgruppa al-Shabab. Uroa og mangelen på mat gav den vesle familien lite anna val enn å flykte.

Tørke og konflikt

Den ekstreme tørka rundt Tsjad-sjøen, i Aust-Afrika og i Jemen, gjer at fleire millionar menneske kan kome til svelte i hel om dei ikkje får hjelp.

FN har lenge åtvara mot ei massiv svoltkatastrofe, og seier at dette kan bli den verste katastrofen sidan 1945.

Tove Wang, generalsekretær i Redd Barna

STILLE KRISER: Svolt og hungersnaud får mindre merksemd i media enn naturkatastrofar, seier Tove Wang, generalsekretær i Redd Barna.

Foto: Mai Simonsen, Redd Barna

– Vi er sterkt uroa for situasjonen, og deler denne uroa med mange, seier Tove Wang, generalsekretær i Redd Barna.

Saman med ti andre norske hjelpeorganisasjonar vil dei gjere folk merksame på det som no er i ferd med å skje. Men dei har ikkje mykje tid på seg.

Ifølgje FN risikerer over 20 millionar menneske i nord-Nigeria, Sør-Sudan, Somalia og Jemen å bli råka av hungersnaud før september.

Underernærte barn

Norske hjelpeorganisasjonar jobbar i fleire av landa som er råka. I ein liten landsby utanfor Burao i Somaliland har Redd Barna treft Asha, som fortel følgjande:

– Det er fleire dagar i veka at eg ikkje kan gje barna mine mat, seier åttebarnsmora.

Jorda er knusktørr, og det er nær umogleg å dyrke mat. Store deler av buskapen deira har allereie døydd. Av dei 400 geitene dei hadde er det berre 20 igjen. Asha kjenner seg hjelpelaus.

– Eg føler at ingen bryr seg, og at vi er utan verdi.

Asha

Mangel på mat gjer at fem av barna til Asha er feilernærte. Dei har fått hjelp frå Redd Barnas mobile helseklinikk.

Foto: Evan Schuurman / Redd Barna

Vil bryte stilla

Gry Larsen

FELLES AKSJON: Elleve hjelpeorganisasjonar har gått saman for å skaffe naudhjelp, seier Gry Larsen i CARE.

Foto: Greg Rødland Buick/CARE

– Dette er katastrofar som kjem sakte, og dei gir ikkje mykje lyd frå seg, seier Wang.

Med ein felles kampanje ønskjer organisasjonane å bryte stilla rundt dei sakte humanitære krisene.

– I motsetnad til jordskjelv og tsunamiar, får ikkje slike katastrofar alle auge retta mot seg. Derfor vert heller ikkje nok ressursar sette inn for å hjelpe, seier Gry Larsen, generalsekretær i CARE.

Førebygging

– Slike sveltekatastrofar har kome med jamne mellomrom, men ein hadde gjerne trudd at ein i 2017 hadde kome lenger, der folk ikkje døyr av svolt, seier Wang.

Men fleire menneske vert råka av konflikt og klimaendringar, og behova for naudhjelp blir større.

– Naudhjelp kan ikkje løyse konfliktar eller bremse klimaendringar, men den reddar liv, slår Larsen fast.

Både ho og Wang er samde om at det hastar å få hjelp til desse områda, og at det er viktig å setje inn ressursar så tidleg som mogleg.

– Det er ganske lett å førebygge underernæring så lenge ein kan gi ut mat. Der er derimot veldig krevjande å behandle eit barn som er sterkt underernært, og som gjerne har andre sjukdommar i tillegg, seier Wang.

Dahir

UNDERERNÆRT: Seks månader gamle Dahir er alvorleg feilernært. Han er ein av fleire millionar barn som kan døy av svolt om dei ikkje får hjelp.

Foto: Colin Crowley / Redd Barna

SISTE NYTT

Siste nytt