Hopp til innhold

Fryktar at ebola-viruset skal spreie seg til fleire land

Fleire afrikanske land aukar beredskapen etter mange dødsfall i Kongo som følgje av ebolaviruset. Norges Røde Kors sender ein spesialist til Uganda.

HEALTH-EBOLA/CONGO

Lege William Fischer frå Verdas helseorganisasjon gjer seg klar til å dele ut ebola-vaksine i byen Mangina i Kongo.

Foto: Handout . / Reuters

Sidan juli er 144 menneske i Kongo døde etter å ha blitt smitta av ebolaviruset, ifølgje styresmaktene. Utbrotet starta i Beni, ein by i provinsen Nord-Kivu ved grensa til Uganda.

Den internasjonale raudekrossen fryktar at ebola-utbrotet kan spreie seg til fleire provinsar i Kongo og til nabolanda.

– Utbrotet i Kongo er nær ved å kunne kallast eit av dei større utbrota vi har sett. Faren for at det skal spreie seg vidare er absolutt reell, seier Tonje Tingberg, som er helsekoordinator i Norges Røde Kors.

DR CONGO-HEALTH-EBOLA

Helsearbeidarar i Kongo er i gang med å behandle folk som er blitt smitta av ebolaviruset.

Foto: JOHN WESSELS / AFP

Auka beredskap

Raudekrossen trappar no opp ebola-beredskapen i Burundi, Rwanda, Sør-Sudan og Uganda. I samarbeid med styresmaktene i desse landa, og internasjonale partnarar, arbeider Raudekrossen og Raude halvmåne med å sikre at det er lagt gode nok planar for å handtere situasjonen, og at det er tilstrekkeleg med ressursar på plass.

Tonje Tingberg fra Røde Kors

Tonje Tingberg er helsekoordinator i Norges Røde Kors.

Foto: Iram Ansari / NRK

– Vi sender no ein helsekoordinator til Uganda, som vil støtte Raudekrossen der i å setje i gang førebyggjande tiltak, seier Tingberg.

Trass i fleire og fleire tilfelle av valdsbruk i provinsen Nord-Kivu i Kongo, prioriterer Raudekrossen å komme inn i lokalsamfunna i området.

– Dette er område som er lite tilgjengelege på grunn av konfliktar. Det kan vere sjuke menneske i desse områda som vi ikkje veit om, seier Tingberg.

– Kan få kontroll

Verdas helseorganisasjon (WHO) er svært uroa over situasjonen, og meiner faren er svært høg for at det dødelege viruset skal spreie seg til Uganda og Rwanda. Noko av årsaka til at det er vanskeleg å stoppe det, er den omfattande uroa i området og manglande tillit til helsearbeidarane.

Men ebola-ekspert Pierre Rollins trur det er mogeleg å få spreiinga av viruset under kontroll i løpet av ei månad eller to. Rollins arbeider ved U.S. Centers for Disease Control and Prevention.

– Vi har samanlikna utviklinga av denne epidemien med tidlegare epidemiar for å sjå om viruset spreier seg raskare no, men det gjer det ikkje, seier Rollins.

Han fortel også at eit tiltak som blei innført for ti dagar sidan har hatt positiv effekt. Med støtte frå Verdsbanken kan folk no få betaling via mobiltelefonen for å rapportere inn nye tilfelle.

– Dette har ført til raskare innrapportering, seier Rollins.

Fleire ebolautbrot dei siste åra

Det har vore fleire bølgjer av ebolasmitte i afrikanske land. Dei første kjente tilfella av ebolasmitte var i 1976 i delar av det som no er Sør-Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.

Ebolaepidemien i åra 2013 til 2015 tok livet av 11.300 menneske i dei tre vestafrikanske landa Guinea, Sierra Leone og Liberia.

SISTE NYTT

Siste nytt