Hopp til innhold

Fryktar angrep på indiske kristne i julehelga

Det har vore ein klar auke i angrep på kristne i India etter at landet fekk ei hindu-nasjonalistisk regjering etter valet i 2014, ifølgje ein indisk forfattar. No fryktar dei angrep i julehelga.

Katolsk kyrkje i India.

Ei kvinne tenner lys i den katolske kyrkja i Shimla i det nordlege India på vesle julaftan.

Foto: - / AFP

Det har vore kristne i India sidan år 52, ifølgje historikaren William Dalrymple. Det skal ha vore disippelen Thomas som kom til Kerala i India rundt 20 år etter Kristi himmelfart. Dei kristne utgjer 2,3 prosent av innbyggjarane i India, rundt 28 millionar menneske.

Det har vore mange tilfelle i India der muslimar har vorte utsette for angrep, men dei siste åra har det også vore stadig fleire tilfelle av trakassering av kristne, skriv den britiske avisa The Guardian .

Narenda Modi, statsminister i India.

Statsminister Narendra Modi seier det er full religionsfridom i India, men kristne og muslimar opplever det ikkje slik.

Foto: Sajjad Hussain / AFP

Statsminister Narendra Modi har gjort det klart at regjeringa hans vil fremje full religionsfridom i landet. Men kristne og muslimar i India opplever det ikkje slik.

– Deira regjering

Forfattaren Dhirendra K. Jha har nyleg publisert ei bok om hinduistiske ekstremistgrupper, Hindutva, som under Modi si regjering har trappa opp aktiviteten sin.

– Etter at Modi vart statsminister, så har desse gruppene konkludert med at det er dei som har makta, at dette er deira regjering, og at dei har grønt lys for å halde på. Så har dei gått amok. Dei fryktar ikkje lova eller demokratiske institusjonar, seier han.

Jha meiner at framveksten av slike grupper i India er ein parallell til framveksten av kvite hatgrupper i kjølvatnet av at Donald Trump vart president i USA.

– Modi ville aldri gått ut og gitt støtte til desse gruppene offentleg. Men han kritiserer dei sjeldan. Fordi han er taus, så er det eit signal til maktapparatet om at dei ikkje treng å slå ned på aktiviteten deira, seier han.

Kristne blir i hovudsak skulda for å tvinge hinduar til å konvertere. Det er eit strengt forbod i indisk lov mot det. Men ifølgje John Dayal, generalsekretær i det felleskristne rådet i India, så er det nok å be i nærleiken av hinduar for at desse gruppene skal tolke det som eit forsøk på å tvangskonvertering.

Vakthald ved kyrkjer

John Dyal, generalsekretær i det felleskristne rådet i India.

John Dayal er uroa over situasjonen for dei kristne i India, som han meiner er under press frå ekstreme hinduistiske grupper.

Foto: Gurinder Osan / AP

Det kan også vere nok å betale med amerikanske dollar eller britiske pund, eller å tilby plass på eit kristent sjukehus, seier han.

Ved mange kyrkjer vil det denne jula vere tungt politivakthald, etter fleire angrep mot kristne den siste tida.

I Rahul nord i India var ei gruppe sjuandedagsadventistar samla i eit privathus sist torsdag. Rahul Chauman spelte tabla-trommer medan resten av forsamlinga song kristne julesongar. Utanfor hadde samla seg ei lita gruppe menn.

Det gjekk ikkje lenge før mennene trengde seg inn i huset.

– Dei ropte anti-kristelege slagord, trua oss med knivar og øydelagde instrumenta våre, seier han. Rahul og dei 30 andre vart ikkje fysisk skadde, men hendinga sette ein støkk i dei.

Dødstallene stiger etter moskéangrep i Egypt – minst 27 barn blant de drepte

Selvmordsbombere angrep julegudstjeneste i Pakistan

– Overlevd i 2000 år

Berre nokre dagar før i byen Aligarh vart det sendt brev til kristne skular med åtvaring mot å involvere hinduar i juleaktivitetar. I Mathura like ved vart sju kristne arresterte medan dei bad inne i ein privat heim. I Satna i Madhya Pradesh vart eit heilt kor medan dei var ute og song.

– Vi har overlevd i India i 2000 år. Vi skal leve vidare, sjølv om vi må gå under jorda, seier John Dayal.

Det blir væpna vakthald ved mange kyrkjer denne jula også i mange muslimske land, melder The Independent . Både I Pakistan, Egypt, Indonesia og fleire andre land er vakthaldet trappa opp, blant anna som følgje av USAs godkjenning av Jerusalem som hovudstaden i Israel.

SISTE NYTT

Siste nytt