Fryktar 60 omkomne i eksplosjon i Nigeria

Fleire titals menneske er frykta omkomne etter ein eksplosjon i ein havarert tankbil i Nigeria. Innbyggjarar i området trur så mange som 60 kan ha mist livet.

Laster Twitter-innhold

Ulukka skjedde i Odukpani i delstaten Cross River søraust i landet. Denne type eksplosjonar er ikkje uvanlege i Nigeria. Mange risikerer livet for å sikre seg drivstoff frå lekkasjar i oljeleidningar eller tankbilar.

– Vi har funne 12 omkomne, og 22 menneske med alvorlege brannskadar er tekne til sjukehus, seier talskvinne i politiet, Irene Ugbo til nyheitsbyrået AP. Ho fortel at eksplosjonen skjedde seint fredag kveld.

Store mengder drivstoff

Richard Johnson var vitne til det som skjedde. Han fortel at det var rundt 60 menneske inne under den havarerte tankbilen då det small.

– Det er usannsynleg at nokon som var heilt i nærleiken har overlevd. Det var store mengder drivstoff i tankbilen, seier han til AP.

Andre trur dødstalet kan bli over 70.

Johnson trur eksplosjonen skuldast ein elektrisk dynamo nokon hadde teke med for å pumpe ut drivstoffet frå tankbilen.

Det er uklart kva som var årsaka til at tankbilen køyrde av vegen.

Ifølgje avisa NG Today seier både politiet og augevitne at dei som tok seg inn til tankbilen, vart åtvara på førehand om at det kunne vere farleg. Folk frå politiet skal ha prøvd å hindre folk i å kome seg inn til tankbilen, men mange greidde likevel å trengje seg gjennom sperringane.

Store ulukker

For eitt år sidan omkom minst 30 menneske omtrent på same staden under forsøk på å tømme ein havarert tankbil for bensin.

Den verste ulukka av denne typen skjedde i byen Jesse i Nigeria i 1998. Då miste rundt 1000 menneske livet.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt