NRK Meny
Normal

Fryktar 50 omkomne i jordskred

Eit stort jordskred nær Medellin, den nest største byen i Colombia, kan ha kosta fleire titals menneske livet.

Video Jordskred i Colombia

Ein stor redningsaksjon er i gang i Colombia. Reportar: Tarjei Kramviken.

Naboane leitar i ruinane etter jordskredet

Naboane leitar i ruinane etter jordskredet.

Foto: RAUL ARBOLEDA / Afp
Ein person er omkomen i jordskredet

Redningsarbeidarar ber vekk ein person som er stadfesta omkomen.

Foto: RAUL ARBOLEDA / Afp
Pårørande leitar fortvila etter sine sakna

Pårørande leitar fortvila etter sine sakna.

Foto: Luis Benavides / Ap

– Vi trur det er mellom 50 og 60 menneske som er fanga inne i ruinane. Kanskje er det enda fleire, seier katastrofefunksjonæren John Freddy Rendon ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Redningsarbeidarar fortel at 50 hus er fylte med gjørme.

Den lokale avisa El Colombuiano skriv at då dei måtte gå i trykken, var tre personar funne døde, medan åtte personar, inkludert fire barn, var redda i live.

Leitar i ruinane

Skredet skjedde like før lunsjtid i landsbyen Bello 250 kilometer nordaust for hovudstaden Bogota.

– Plutseleg kom det rasande ned, seier ein av dei som leitar etter menneske i jordmassane.

– Katastrofen gjer eit djupt inntrykk. Eg får gåsehud berre av å vere her, seier han.

Saman med fleire hundre andre leitar han etter overlevande i ruinane med berre hendene. I tillegg er redningsarbeidarar på plass med hundar. Det er også gravemaskiner i arbeid.

– Vi ryddar no for å sjå om vi kan finne overlevande, seier talsmann for Røde Kors, Cesar Uruena.

Ti hus raserte

Røde Kors trur enda fleire kan vere råka av skredet.

– Ei teljing vi har gjort viser at mellom 150 og 200 menneske kan vere sakna, seier Uruena.

Han fortel at ti hus vart raserte av jordskredet.

– Fordi folk vanlegvis har familien på besøk på søndagar, trur vi det kan vere så mange som 15-20 personar i kvart hus, seier Urena til nyheitsbyrået AFP.

Redningsmannskap leitar etter overlevande

Redningsmannskap leitar etter overlevande.

Foto: ALBEIRO LOPERA / Reuters

Leitar etter familien

Ein mann ber for sine kjære

Ein mann ber for sine kjære og håpar å finne dei i live.

Foto: RAUL ARBOLEDA / Afp

Jose Cardenas har budd i området i 30 år. Han klarte å redde seg sjølv og ei av døtrene sine like før skredet kom.

– Eg ville dra nytte av denne solfylte dagen ved å grave nokre grøfter. Eg høyrte ein høg dur frå fjellsida. Då eg hadde henta ei av døtrene mine, skya alt over. Eg kunne ikkje sjå noko gjennom alt støvet og eg høyrte berre eksplosjonar og skrik, fortel han til den lokale avisa El Colombuiano.

Han greier ikkje å gle seg over å ha redda dottra si og seg sjølv. Han leitar framleis etter si eldste dotter, sonen sin og fire barnebarn.

Ein annan mann like ved ber til Gud:

– Skredet har begravd tanta mi, mora mi og mine brødre. Å Gud, eg håpar dei er i live, tryglar han.

– Tragedie

Det har regna kraftig i området den siste tida på grunn av vêrfenomenet «La Nina». 170 menneske er stadfesta omkomne i flaumar i Colombia til no i år. 1,5 millionar menneske er råka av flaumane.

– Vi har aldri opplevd at så mange menneske er råka av regntida, seier Røde Kors-talsmann Uruena.

President Juan Manuel Santos reiste heim frå eit besøk i Argentina då han fekk høyre om tragedia. Han trur talet på heimlause kan nå 2 millionar.

– Denne tragedien som landet går gjennom no, kan ikkje samanliknast med noko vi har opplevd i vår historie, sier han etter ein flytur over området.

Regjeringa har erklært katastrofetilstand i håp om å få økonomisk hjelp for skadane dei siste månadane. Til no er kostnadane rekna til å vere på meir enn 1,8 milliardar kroner.

(Saka held fram etter kartet.)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skuldar på kapitalismen

Også i nabolandet Venezuela har 34 menneske misst livet som følgje av det kraftige regnvêret. 73.000 menneske har misst heimane sine i landet. Venezuela har innført unntakstilstand i fire delstatar.

Chavez vurderar øydeleggingane av flaumen

Chavez ser på øydeleggingane i Caracas frå helikopter.

Foto: HO / Reuters

Presidenten i Venezuela, Hugo Chavez skulda den «kriminelle» kapitalismen for å stå bak klimafenomena som råka regionen.

Han seier også at Venezuela kjem til å ta over privat jord og gjere om på ein nasjonalpark for å byggje nye hus til dei mange som har mista heimane sine i uvêret.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt