NRK Meny
Normal

Ukraina-aksjon skapar frykt i tidlegare Sovjet-statar

Den russiske militæraksjonen i Ukraina har skapt frykt i andre tidlegare sovjetstatar og blant tidlegare allierte. I dag skulda Vladimir Putin Litauen og Polen for å ha trent ukrainske opprørarar.

Demonstrasjon mot Russland i Litauen.

Det var tysdag store demonstrasjonar mot den russiske militæraksjonen mot Ukraina i den litauiske hovudstaden Vilnius.

Foto: PETRAS MALUKAS / Afp

Litauiske styresmakter reagerer sterkt på at Russlands president Vladimir Putin i dag sa at demonstrantar i Kiev hadde fått militær trening i leirar i Litauen og Polen.

Ifølgje den litauiske nettavisa Lithuanian Tribune sa Vladimir Putin på pressekonferansen sin i Moskva tysdag blant anna dette:

Demonstrasjon mot Russland i Litauen.

Vladimir Putin var ingen populær mann blant demonstrantane utanfor den russiske ambassaden i Vilnius tysdag.

Foto: PETRAS MALUKAS / Afp

– Demonstrantane i Kiev var godt trente. Som vi veit, så fekk dei treninga si i basar i nabolanda Litauen og Polen, samt i Ukraina. Dei vart delte inn i grupper på mellom ti og 100. Er det nokon som trur at ein liknande situasjon ikkje kunne oppstå på Krim?

– Aktive i gatekampar

Putin sa at desse slåstkjempene eller krigarane var svært aktive i kampane mellom demonstrantar og tryggingsstyrkar i Kiev i dagane før president Janukovoitsj vart tvungen til å gå av. Rundt 100 menneske vart drepne i tumultane på Sjølvstendeplassen i sentrum av den ukrainske hovudstaden dei dramatiske dagane i slutten av februar.

Utanriksministeren i Litauen, Linas Linkevičius, kallar fråsegnene til Putin for ærekrenkjande baksnakking, berre eigna til å skape strid.

– Putins skuldingar mot Litauen er grunnlause insinuasjonar, som berre tener til å rettferdiggjere den militære aksjonen mot Ukraina, territoriet til eit framandt land, seier rådgjevaren til den litauiske presidenten, Jovita Neliupšienė til avisa BNS.

LES OGSÅ: Frykter angrep på beleirede militærleire

LES OGSÅ: Frykter Ukraina-konflikten kan skade forholdet mellom Norge og Russland

Uro i baltiske land

Vladimir Putin

Vladimir Putin skulda i dag Litauen og Polen for å ha trent valdelege demonstrantar i Ukraina.

Den russiske aksjonen mot Ukraina har vekt uro i dei baltiske landa. Både Litauen, Latvia og Estland har store russiske minoritetar, og det er frykt for at den russiske aksjonen for å verne etniske russarar i Ukraina, kan føre til uro blant desse gruppene.

I dag var det store demonstrasjonar mot den russiske aksjonen mot Ukraina utanfor den russiske ambassaden i den litauiske hovudstaden Vilnius.

Alle dei tre baltiske statane er i dag medlemer av NATO, og få trur at Russland vil ta sjansen på å gå til angrep på eit NATO-land.

Polen var tidlegare medlem i Warszawa-pakta, det sovjetdominerte motstykket til NATO. I dag er også Polen medlem av NATO, men hendingane i nabolandet Ukraina har skapt frykt også i Polen.

LES OGSÅ: Kerry sier Russland vil invadere mer av Ukraina

LES OGSÅ: Ukrainsk tidligere forsvarssjef: Ett skudd her er nok til å utløse en ny storkrig

Artikkel 4-konsultasjon

Etter initiativ frå Polen var det i dag halde eit møte i NATO-rådet etter artikkel 4 i NATO-traktaten. Her heiter det at alle NATO-land har rett til å konsultere dei andre medlemslanda, dersom landet meiner at tryggleiken, den territoriale integriteten eller sjølvstendet er trua.

Demonstrasjon mot Russland i Warsawa.

Demonstrantar ropte slagord mot Vladimir Putin og Russland utanfor den russiske ambassaden i Warszawa tysdag.

Foto: AGENCJA GAZETA / Reuters

– Utviklinga i og rundt Ukraina er ein trussel for NATO-landa i området, og hendingane der har direkte og alvorleg innverknad på tryggleiken og stabiliteten i NATO-området, heiter det i ei fråsegn frå NATO etter møtet.

Møte etter paragraf 4 i NATO-charteret skjer svært sjeldan. Tidlegare har berre Tyrkia nytta seg av det. Første gong var i 2003 under krigen i Irak, og andre gongen var for to år sidan i samband med borgarkrigen i nabolandet Syria.

LES OGSÅ: Lær deg mer om Ukraina

Nært forhold

Polen har eit nært forhold til Ukraina. Det er ei lang grense mellom dei to landa, og dei har tilnærma same språk. Store delar av det vestlege Ukraina var polsk territorium før andre verdskrigen.

NATO har i dag bede om eit møte med Russland onsdag om krisa i Ukraina onsdag. Russlands NATO-ambassadør, Alexander Grusjko, har sagt at han skal vurdere invitasjonen, melder nyheitsbyrået Reuters.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt