Kina på tå hev for dødeleg fugleinfluensa med uviss framtid

Berre på søndag vart det rapportert seks nye tilfelle av det nye dødelege fugleinfluensaviruset i Kina. Den store frykta er at viruset vil mutere seg og kunne smitte frå person til person.

Fugleinfluensa i Taiwan

Etter at fugleinfluensaen vart påvist i Taiwan er det blitt vanleg å sjå bruk av munnbind der folk ferdast tett.

Foto: NTB Scanpix
Anders Magnus i Beijing
Foto: NRK

Den nye fugleinfluensaviruset, H7N9, får stor merksemd i Kina, fordi det er dødeleg og svært vanskeleg å oppdage. Kyllingar og hanar kan nemleg leve vidare med dette viruset, medan dei døydde ganske raskt i det tidlegare viruset.

Det er difor vanskelegare å bestemme kva slags fuglebestandar som har blitt smitta.

Fugleinfluensaen har til no spreidd seg til åtte provinsar i Kina, i tillegg til metropolane Beijing og Shanghai. 126 personar er så langt smitta, og 24 personar har mista livet i det Verdas Helseorganisasjon kallar «eit av dei mest dødelege virusa» dei nokon gong har sett.

Folk er redde

I dei områda der det er oppdaga virus er folk redde. Dei seier offisielt når journalistar vitjar at dei er veldig stolte over kva styresmaktene gjer. Men når folk frå styresmaktene er utanfor rekkjevidd seier dei at dei er redde og at dei fryktar at dette viruset kan kome til å spreie seg ganske raskt.

Førebels spreier viruset seg berre frå fuglar til menneske, men styresmaktene fryktar at det kan mutere og endre karakter, slik at det kan smitte frå menneske til menneske. Først då byrjar det å bli verkeleg farleg. Då kan det bli ein epidemi og kanskje ein pandemi i Kina. Då kan det spreie seg frå land til land, og også til Europa og Noreg.

– Som med alle typar influensa er viruset svært uføreseieleg. Ein av dei tinga me må bør vere bekymra for er at dette viruset kan utvikle seg til å smitte frå person til person. Me må vere svært førebudd på at dette kan skje, seier den amerikanske virologen Anthony Fauci til nyheitsbyrået Ap.

(artikkelen held fram under biletet)

Fugleinfluensa

Ein mann undersøker fjørkre ved ein marknad i Hong Kong. Styresmaktene her vil vurdere og blokkere all fugleimport.

Foto: NTB Scanpix

Far og son har fått viruset

Ifølgje dei siste meldingane har ein fire år gammal gut i Beijing blitt smitta av det same fugleinfluensaviruset som faren tidlegare har fått. Det er likevel ikkje bevist at det er faren som har smitta sonen sin.

Styresmaktene i Kina har gått ut på radio og TV med åtvaringar om at folk må vere flinke å vaske hendene sine, og å unngå tette forsamlingar. Det har vore ei rekke større arrangement med mykje menneske som har blitt avlyst.

I Hong Kong har styresmaktene sett inn store tiltak for å forhindre smitta i samband med nasjonale fridagar i Kina, der det er venta over fire millionar tilreisande til byen.

Heilt sidan tidleg i april har Hong Kong utført testar på fuglane dei importerer. Styresmaktene seier no at dei vurderer å kutte ut alle fjørkre frå marknadar i byen dersom influensaen vert påvist. Hong Kong var ein av byane som opplevde eit massivt økonomisk tap då SARS-viruset var på frammarsj i 2003.

Opptil 600 personar vil bli stasjonert ved grensene i Hong Kong for å inspisere dei tilreisande. Meir enn 100 av desse er frivillige.

Førre veke vart det meldt at influensaen også har spreidd seg til utlandet. Ein 53 år gammal taiwansk forretningsmann skal ha fått viruset etter ein reise i Kina.

Taiwanske styresmakter har difor sett inn tiltak for å handtere influensaen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt