Hopp til innhold

Frykt for meir uro i Libanon

Situasjonen i Libanon har normalisert seg i dag, etter generalstreiken i går som utarta til omfattande valdsbruk.

Beirut dagen etter gneralstreiken som utarta til gatekampar.
Foto: RAMZI HAIDAR / AFP

Minst tre menneske vart drepne i uroa, og over 170 vart såra. Valdsbruken har auka frykta for ein ny borgarkrig i landet.

Bulldosarar fjerna i morgontimane i dag restar etter barrikadane som vart sette opp i går. Vegen til flyplassen har opna igjen, og trafikken på den internasjonale flyplassen går igjen som normalt.

 

I dag var det tid for opprydding i sentrumsgatene i Beirut.
Foto: MARWAN NAAMANI / AFP

 

Men den islamistiske Hizbollah-rørsla, som blir støtta av Syria og Iran, har ikkje tenkt å gi opp kampen for å få regjeringa til å gå av. Tvert i mot lovar organisasjonen å trappe opp kampen mot regjeringa. 

Sjiamuslimske Hizbollah har fått støtte frå mindre grupper av kristne og sunnimuslimar i kravet om at statsminister Siniora og hans regjering må gå av.

Siniora til Paris

Fouad Siniora har gjort det klart at han ikkje har tenkt å gi seg, og i dag reiste han til Paris for å delta på ein bistandskonferanse for å skaffe pengar til gjenoppbygginga av Libanon etter krigen i sommar.

Hizbollah og støttespelarane vil setje saman ei samlingsregjering der dei har ein reell vetorett i alle viktige saker. Dei skuldar regjeringa for å vere marionettar for USA og Israel.

Regjeringa brukar Hizbollah sine tette band til Syria og Iran for alt det er verd, og i går skulda fleire regjeringsmedlemer dei to landa for å stå bak uroa. Dei brukte ikkje Syria og Iran sine namn direkte, men ingen var i tvil om kva dei meinte.

Statsminister Faoud Siniora har framleis sterk støtte internt i sin eigen koalisjon, som består av sunnimuslimar, kristne og drusarar. Regjeringa har også sterk internasjonal støtte, spesielt frå USA og EU.

Ny sjølvtillit

Den noverande koalisjonen gjekk til val på at Syria sin innverknad på libanesisk politikk skulle bli mindre, og dei syriskvenlege partia leid nederlag i valet.

Men etter krigen mot Israel sist sommar har Hizbollah stått fram med auka populartitet og med ny sjølvtillit, og organisasjonen, som har ein betydeleg militær styrke, har lova å styrte den noverande regjeringa.

BBCs korrespondent i den libanesiske hovudstaden Beirut, Jim Muir,  seier at folk i Beirut er klar over at det lett kan kome til ny valdsbruk.

- Det er framleis spor i gatene etter den traumatiske gårsdagen, som nok ikkje vil gå i gløymeboka så fort, seier han.

 

Situasjonen på eit gate i Beirut teke frå same staden tysdag og onsdag.
Foto: ANWAR AMRO / AFP

 

 

 

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt