Hopp til innhold

Frustrerte flyktningar har byrja å gå til Wien

Hundrevis av frustrerte flyktningar som har sete utanfor togstasjonen i Budapest har starta å gå dei 240 kilometerane til Wien til fots.

Politi og flyktninger i Budapest

Flyktningane har sete utanfor togstasjonen i Budapest lenge, og har no byrja å gå til Wien.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

Flyktningane utanfor togstasjonen Keleti i Budapest seier at dei er leie av å sitje fast i Budapest. Det skriv nyheitsbyrået AP.

Ifølgje AP har dei samla saman tinga sine, og lagt ut på den 24 mil lange turen til Austerrike.

I dagevis har ungarsk politi hindra flyktningane frå hovudsakleg Syria i å reise til Austerrike og Tyskland med tog.

5600 flyktningar inn i Makedonia

Om lag 5600 nye flyktningar tok seg inn i Makedonia frå Hellas i går, torsdag, opplyser FN.

Det opplyser Melissa Flemming, som er talsperson for FN sin høgkommissær for flyktningar.

– Det er absolutt ein dramatisk situasjon, seier Flemming. Ho understrekar at Makedonia berre er eit transittland, og at dei aller fleste av flyktningane prøvar å ta seg vidare.

SISTE NYTT

Siste nytt

Utenriksminister i USA, Anthony Blinken, i Oslo 1. juni 2023.

Blinken til NRK om Ukraina-varsling: – Eg skulle ønske vi tok feil

Fleire månader før Russland gjekk til full krig mot Ukraina, visste Antony Blinken at noko kom til å skje. I eit eksklusivt intervju fortel han om tida før det small.