Hopp til innhold

Frustrert malaysisk politi måtte sette fri nordkoreanar

Den einaste nordkoreanaren som er arrestert etter drapet på Kim Jong-nam er sett fri, sjølv om malaysisk politi trur han er blanda inn.

Ri Jong Chol sett fri

SETT FRI: Nordkoreanske Ri Jong Chol vart fredag sett fri, fordi malaysisk politi ikkje har nok bevis til å fengsle han.

Foto: Muneyoshi Someya / AP

Det er ikkje nok bevis til å fengsle Ri Jong Chol, opplyser påtalemakta i Kuala Lumpur til BBC. Dermed vert han sett fri, og deportert til Nord-Korea.

Den malaysiske politisjefen Khalid Abu Bakar beklagar at dei har sett fri nordkoreanaren. Han avviser at politisk eller diplomatisk press ligg bak.

Gatene var sperra av og vakthaldet svært strengt då 47-åringen fredag vart sendt vekk frå ein politistasjon utanfor hovudstaden, iført skotsikker vest.

Ifølgje ei anonym kjelde i politiet er han no overført til innvandringsstyresmaktene, som skal ordne reisedokumenta hans.

Fleire mistenkte

Sju andre nordkoreanarar er etterlyste etter at halvbroren til Nord-Koreas leiar vart forgifta med nervegass på flyplassen i Kuala Lumpur.

Politiet meiner at fire av dei har floge til Nord-Korea same dag som Kim Jong-nam vart drepen.

Kvinne i skuddsikker vest som er mistenkt for drap føres bort av kvinne i hijab

SIKTA: Ei av dei to kvinnene som er sikta for drapet på Kim Jong-nam vert ført ut av rettssalen i Kuala Lumpur.

Foto: Daniel Chan / AP

Tidlegare denne veka vart to kvinner sikta for å ha drepe Kim Jong-Nam. Kvinnene vart sett på overvakingskamera i det dei gjekk bort til Kim og smurte ei væske inn i ansiktet hans. Kim døde 20 minutt seinare.

Dei to kvinnene er frå Vietnam og Indonesia. Den indonesiske kvinna har fortalt at ho trudde ho deltok i eit humorprogram med skjult kamera, og at ho vart lurt til å drepe Kim.

Ho seier at ho trudde væska var babyolje, og at ho tok imot 750 kroner for å utføre det ho trudde var ein spøk.

SISTE NYTT

Siste nytt