Kvinne går opp ei trapp i Oslo sentrum.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Fronta kvinnekamp i Bangladesh: – Ein må vere dum, naiv eller fullstendig gal

«Amelia» ville varsle om seksuell trakassering på vegner av klassekameratar i Bangladesh. Då starta trugslane å kome.

Ho var 24 år gamal då synet hennar på samfunnet ho levde i blei endra for alltid.

Det var i det fjerde året på eitt av Bangladesh sine mest prestisjefylte universitet, i ein samtale med ein medstudent.

Den unge kvinna skal ha blitt kalla inn til samtale om karakterane sine, åleine på læraren sitt kontor.

«Kva ville du gjort for å gjere det betre?»

«Kor langt ville du gått?»

Anonym kvinne står framfor eit universitetsbygg på Domus Juridica i Oslo.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Dette var ikkje ein samtale om akademisk framgang. Det var ei utfordring til seksuelle tenester, meiner «Amelia», som NRK har snakka med i Noreg.

Ho hadde framleis inga aning om kor stort problemet var, og kor langt bort ho måtte søke seg for å få fred.

Ikkje berre ein lærar

8. mars er den internasjonale kvinnedagen. NRK brukar dette høvet til å løfte fram kvinner sin kamp for likestilling, både i Noreg og andre stader i verda.

I mange år har FN sin organisasjon for kvinner og likestilling jobba målretta for å få bukt med seksuell trakassering på universitet i Bangladesh.

Ein studie publisert i fjor om storuniversitetet i Dhaka, viser at langt fleire enn halvparten av dei kvinnelege studentane har blitt utsett for det.

To bilete. Kvinne frå Bangladesh lukker døra til ei heis på universitetet, og plukkar opp ryggsekken sin frå fortauet på Aker Brygge.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Liknande tal er registrerte på ei rekke store universitet i Bangladesh, ifølge eit nasjonalt universitetstilsyn.

«Amelia» visste ikkje om nokon trakasseringskultur der ho studerte. I meir enn tre år hadde ho trivst på fakultetet, og fått bra resultat på eksamen.

Fleire studentar herifrå skal seinare ha fått toppjobbar i internasjonale selskap, og omdømet ein hadde som student rekna ho sjølv som uhyre viktig.

Den gongen var det eit sjølvfølge at ho tok kontakt med fleire i same klasse, for å finne ut om det kunne vere sant. I dag ser ho på dette som «naivt».

Historiene som kom fram, handla nemleg ikkje om ein lærar. Dei namngav fleire fakultetsmedlem og tilsette ved universitetet, og skildra alvorlege maktmisbruk.

Kvinnene skildra alt frå upassande kommentarar og tekstmeldingar, til å bli tatt på utan samtykke.

Kvinna frå Bangladesh gjer skulearbeid på ein kafé i Oslo sentrum.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

I ei anonym spørjeundersøking som blei distribuert blant studentane, skildra ei kvinne denne opplevinga:

– Eg var ein time åleine med han på rommet hans, til eit intervju om ei slags deltidsstilling som universitetet tilbydde studentar.

– Gjennom heile samtalen hinta han til sex. Eg følte meg veldig utilpass, men fortalde meg sjølv at han sikkert ikkje meinte det.

Blei truga til stille

Ingen av kvinnene ønska å stå fram, men seg imellom snakka dei i ei lukka Facebookgruppe.

«Amelia» ønska endring, og hjelpte til med å samle informasjon. Gruppa rådførte seg med advokatar for å få til ei regelendring på universitetet.

– Nokre av dei det gjeldt var favorittlærarane mine. Etter at eg stilte spørsmåla ringde dei meg og sa: «Hald kjeft. Ikkje gå vidare med dette.»

– Dei starta fleire svertekampanjar mot meg. Ein av lærarane lo og sa til ei av dei andre klassene: «Veit dykk om søppelet som snakkar om trakassering på vårt universitet? Ho veit ikkje kva ho har utsett seg for.»

To bilete. Ei anonym kvinne går opp ei trapp i Oslo, og den same kvinna har ei hand på gelenderet i ei universitetstrapp.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Så kravde leiinga å møte dei personleg, kvar og ein som hadde kome med skuldingane. «Amelia» såg ikkje anna alternativ enn å trekke seg tilbake.

Mykje stod på spel, meiner ho. Leiinga truga tryggleiken hennar, omdømet, levekår og karrieremoglegheiter.

– Eg følte meg kvelt og tvinga inn i eit hjørne, seier ho bittert.

– Du kan ikkje gå inn på den slagmarka utan rustning og bruke uskulda di som eit skjold.

Skugge av ei kvinne på brustein i Oslo.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Andre kan få hjelp av globalt forskarnettverk

«Amelia» seier ho klarte å fullføre studiet og starte i jobb hos ein organisasjon.

Også der blei ho kontakta av universitetsleiinga. Dei lovde å sørge for at ho fekk sparken, ifølge ho sjølv.

– Eg var utsliten, og stridde med sjølvmordstankar.

– Eg kom til Noreg for å flykte til ei anna verkelegheit, og heldt fram med å studere.

Ho er fascinert over kor trygge kvinner verkar å føle seg når dei går åleine på kvelden i norske byar. At kvinner i Noreg demonstrerer, sjølv om dei kan bli arrestert.

– Ein natt på glattcelle er ikkje noko meir, her. Men eg veit kva ei natt på glattcelle hadde medført for meg i Bangladesh.

To anonymiserte bilete av kvinna frå Bangladesh, teke på Aker Brygge.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Ho visste det ikkje då ho reiste hit åleine, at ho kunne fått hjelp av eit globalt forskarnettverk.

Scholars at Risk er representert på 600 institusjonar i 42 land, inkludert Noreg, og har tidlegare hjelpt studentar frå Bangladesh i like situasjonar som «Amelia» var i.

Sjølv har ho den siste tida delt si historie med organisasjonen si kontakt ved Universitetet i Oslo, for at andre som henne skal få støtta dei treng.

Kvinne frå Bangladesh set opp håret i ein strikk.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

HRW har bekrefta 86 forsvinningar

«Amelia» veit at trugslane ho har fått er reelle. Ho kjenner nokon som har blitt kidnappa berre av å snakke med feil person på feil fest.

Human Rights Watch (HRW) har blitt merksame på fleire enn 500 forsvinningssaker gjennom menneskerettsgrupper i Bangladesh mellom 2009 og 2021.

Dei har klart å verifisere 86 av dei. Menneska som har dukka opp att, har fortalt om tortur og dystre forhold, seier Sør-Asia-direktør Meenakshi Ganguly til NRK.

– Av det vi kjenner til har dei vore i ulovlege fengsel, og ofte under bakken. Ein av kjeldene våre fortalde til familien at det var «ein stad der ikkje sola kjem til».

– I to eller tre tilfelle blei dei sleppt fri, berre forlatne i ei grøft, utan å vite kvar dei var og i dårleg helsestand.

To bilete. Det anonyme intervjuobjektet framfor Domus Juridica i Oslo, og den same personen som skriv det bengalske ordet for kvinne.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Ganguly er likevel tydeleg om at kvinnelege aktivistar som jobbar for fridom og menneskerettar, blir utsett for lik behandling.

– Vi er veldig uroa for året som kjem, når kampanjane til parlamentsvalet blir trappa opp, seier Ganguly.

– Politikken i Bangladesh har alltid vore valdeleg, og no som styresmaktene ikkje verkar å ha lyst til å skape rom for skikkelege politiske kampanjar og ein rettvis valprosess, er sannsynet for vald stadig større.

«Vi treng ei kjempe»

I framtida vil «Amelia» skaffe seg ein jobb i Bangladesh, og ein dag stifte sin eigen familie.

– Eg har ikkje råd til å starte på nytt ein annan plass. Ein dag må eg tilbake.

Kvinne ser ut over havet frå ein benk på Aker Brygge, saman med to personar ho ikkje kjenner.
Foto: Jon P Petrusson / NRK
Foto: Jon P Petrusson / NRK

Skuldkjensla for at ho ikkje kunne hjelpe medstudentane sine, er alltid til stades.

– Dei trudde eg kunne gjere noko fordi eg var leiestjerna for rørsla. Eg vil at folk skal få fotfeste i det eg gjorde feil.

– VI treng ei kjempe, for kjempar kan stå på skuldrene til små menneske. Eg er eitt av dei små menneska. Akkurat no søv kjempene, men eg vil at dei skal vakne.

NRK kjenner til «Amelia» sin identitet, men har valt å anonymisere henne grunna trugslar mot henne og familien i Bangladesh.