Hopp til innhold

Fritzl kan få dommen alt torsdag

Ein talsmann for retten i St. Pölten seier at ein dom i Fritzl-saka kan kome alt torsdag.

Franz Cufka orienterte om det som hadde skjedd i retten.

Franz Cufka orienterte dei mange journalistane om det som hadde skjedd i retten i dag.

Foto: Heinz-Peter Bader / REUTERS

Dag ein av rettssaka mot Josef Fritzl er over. Det meste av rettsforhandlingane i dag har gått føre seg bak ukka dører, så det var ikkje så mykje talsmann Franz Cutka kunne informere det enorme presseoppbodet om etter at retten var avslutta for dagen.

Han kunne likevel fortelje at første delen av videoen med avhøyret av dottera Elisabeth vart vist for retten i dag.

Når rettsforhandlingane held fram i morgon klokka ni, skal resten av videoen visast.

Les også: - Har kjent skyld i 24 år

Video-opptak

Det er i alt 11 timar med video-opptak.

Joseph Fritzl gøymde ansiktet bak ein ringperm i retten.

Josef Fritzl gøymde ansiktet bak ein ringperm i retten.

Foto: Robert Jaeger / AP

Cutka ville ikkje seie noko om korleis Fritzl reagerte då han såg videoen med dottera si forklaring.

Retten vil bli lukka for presse og publikum også i morgon.

Cutka fortalde at Fritzl sa seg delvis skuldig i tiltalen. Det vil seie at han sa seg skuldig i alt bortsett frå å ha teke livet av eitt av borna dottera Elisabeth hadde fødd i kjellaren.

Men Fritzl blir nøydd å forklare seg nærmare om skuldspørsmålet seinare i rettssaka.

Personlege dokument

På pressekonferansen vart det blant anna stilt spørsmål om kva permen som Fritzl løynde ansiktet sitt bak då rettssaka opna i dag tidleg, inneheldt.

Cufka svarte at permen inneheldt Josef Fritzl sine personlege dokument, og la til at det er lovleg å ha med personlege dokument i austerrikske rettssalar.

Vidare opplyste ein talsmann for fengselet i St. Pölten at Fritzl har oppført seg heilt normalt i bak murane. Han har fylgt alle reglar og alle beskjedar. På spørsmål om han har uttrykt anger i fengselet, sa talsmannen at han ikkje kan kommentere spørsmålet.

Josef Fritzl er tiltalt både for drap, slaveri og valdtekt. Blir han funnen skuldig i drap risikerer han fengsel på livstid. TIltalepunktet om slaveri har ei strafferamma på 20 år, medan valdtekt har ei strafferamma på 15 år.

Fire ekspertar

Talsmannen for retten i St. Pölten sa også at det er innkalla fire sakkunnige til rettssaka. Det er ein teknisk ekspert som skal uttale seg om dørmekanismen i kjellaren, det er to andre tekniske ekspertar og til slutt ein psykiatrisk sakkunnig.

Fagdommarane vil avgjere om ekspertane sine forklaringar blir offentlege.

Det var også journalistar som var interesserte i kva mat Josef Fritzl hadde fått til frokost og lunsj i dag. Til det svarte nestsjefen ved fengselet i St. Pölten at Frizl får velje dette sjølv, men at han til lunsj fekk eitt eller anna med soya og poteter, medan han vil få tilbod om frankfurter-pølser til middag.

Presseoppbodet er enormt i St. Pölten.

Frå pressekonferansen etter første dag av rettssaka mot Joseph Fritzl.

Foto: Christof Stache / AP

SISTE NYTT

Siste nytt