Hopp til innhold

Frisk partileiardebatt i Sverige

Fredrik Reinfeldt var offensiv i kritikken av regjeringen i den siste og avgjerande partileiardebatten i Sverige.

Frå partileiardebatten på TV4 i går kveld. I dag møtest dei igjen på SVT.
Foto: Henrik Montgomery, HENRIK MONTGOMERY

Sjå heile partileiardebatten her.

Det var ein frisk debatt, og statsminister Göran Persson måtte svare på harde skuldingar frå opposisjonen sin statsministerkandidat, Fredrik Reinfeldt, om at dei raudgrøne ikkje har nokon samla politikk.

Persson avviste skuldingane, og viste til eit godt samarbeid i Riksdagen i mange år.

57 år gamle Göran Persson har vore statsminister i Sverige i 10 år. Han vart leiar i Sosialdemokratarne i 1994, og tok over som statsminister i 1996.

Fredrik Reinfeldt har vore leiar for det største av dei borgarlege partia, Moderatarna, sidan 2003. Han blir sagt å vere inspirert av Tony Blair, Bill Clinton og Anders Fogh Rasmussen.

Meiningsmålingane viser også at så mange som 850.000  veljarar ikkje har bestemt seg for kva parti dei skal røyste på. Derfor blir debatten i kveld sett på som spesielt viktig.

Fredrik Reinfeldt gjekk offensivt ut i debatten i kveld, og køyrde hardt på at det er splitting på den raudgrøne sida. - Dette regjeringsalternativet har inga truverd, sa han alt tidleg i debatten.

Han fekk kjapt svar frå dei tre partia på venstresida om at dei alt har samarbeidd i Riksdagen i åtte år, og har blitt samde om fleire budsjett, trass i at samarbeidet ikkje har vore formalisert. 

Reinfeldt var svært oppteken av sysselsetjingspolitikk i debatten i kveld, og han gjentok at dei borgarlege vil senke kostnadene  for bedrifter som tilsette folk.

- Dette er det viktigaste spørsmålet ved dette valet, og vi har det einaste jobbprogrammet, sa Reinfeldt.

Han fekk svar på tiltale frå statsminister Göran Persson.

- Når vi skal kjempe mot arbeidsløysa, må vi vere veldig nøye med at vi ikkje kjempar mot dei som er utan arbeid. Men det er kjernen i alliansen sit forslag. Dei vil spare pengar på førtidspensjonerte og arbeidsledige, sa han.

Han la til at den økonomiske utviklinga i Sverige er bra, og at det har kome 100.000 nye jobbar fordi økonomien er bra.

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt