NRK Meny
Normal

Colombia fekk frigitt general frå FARC

Den colombianske generalen, Ruben Alzate, vart i dag frigjort frå geriljagruppa FARC sin fangenskap, saman med to andre som var tekne til fange. Det kan bety ein ny start på dei norskstøtta fredsforhandlingane i Colombia.

Montasje Colombia

Det er general Ruben Alzate (i midten) som har stått mellom FARC og Colombia dei siste vekene. Colombianske styresmakter, her representerte ved president Juan Man Santos (til høgre), har nekta å forhandle med FARC og deira forhandlingsleiar Ivan Marquez, før generalen vart sluppen fri.

Foto: REUTERS

Dei tre mennene vart kidnappa tidlegare denne månaden av den venstreorienterte geriljagruppa FARC, som har vore i konflikt med colombianske styresmakter i over 50 år

President i Colombia, Juan Manuel Santos, skriv i dag på sin Twitterkonto at dei tre er slepte fri, og i god form.

Laster Twitter-innhold

Dei pågåande fredssamtalane mellom partane vart lagt på is då kidnappingane skjedde. Men for ti dagar sidan vart partane einige om å halde fram fredssamtalane på Cuba, der også Norge deltek som meklar, om gislane vart slepte frie.

– Straks dei vert lauslatne, så vil vår delegasjon frå tilbake til Havanna, stod det i eit ti dagar gamalt utsegn frå Colombianske styresmakter.

Utanriksminister Børge Brende var den gong glad for at partane hadde blitt einige om ei lauslating, og han oppmoda til at lauslatinga skulle skje så fort som mogleg. Gleda er ikkje mindre i dag.

– Det er gledeleg at alle fem som nyleg vart tekne til fange av FARC no er frigitte. Dette viser at partane er villige til å samarbeide og finne løysningar, seier utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding.

Lauslatinga av dei tre mennene var først planlagt å skje på laurdag, men vart seinare utsett til søndag.

Generalen vart kidnappa då han skulle sjå på eit energiprosjekt i Choco-regionen. Han er den høgaste rangerte militæroffiseren som har blitt bortført av FARC, og det vart sett inn 1.500 soldatar, ti helikopter, fly, båtar og andre køyretøy for å finne Alzate.

Fredsforhandlingane, som no kanskje vil starte opp att, har som mål å få slutt på den langvarige konflikten i landet. Forhandlingane starta i 2012, og Noreg er delaktige med å hjelpe partane i prosessen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt