Hopp til innhold

Fredssamtalar om Ukraina i Paris

Statsleiarane frå Russland, Frankrike, Tyskland og Ukraina startar i dag samtalar om ein fredsavtale for Ukraina. Våpenkvila i Ukraina ser førebels ut til å halde.

Francois Hollande (t.v.) tek mot Vladimir Putin

François Hollande (t.v.) tok mot Vladimir Putin til samtalar om Ukraina i Paris i dag.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Vert for samtalane, Frankrikes president François Hollande, sa før møtet at han ikkje er i tvil om at den russiske bombinga i Syria vil komplisere forhandlingane.

Enkelte analytikarar mistenkjer Russlands president Vladimir Putin for å bruke Syria-konflikten i eit forsøk på å forhandle fram ein betre avtale om Ukraina, og dermed tvinge fram ei letting av sanksjonane mot landet, melder NTB/AFP.

Nytt våpensystem

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov avviser dette på det sterkaste. Han meiner det er ei absurd tolking av det som skal skje på toppmøtet.

Samstundes melder Reuters at observatørar frå OSSE i Ukraina har oppdaga eit nytt russisk våpensystem i det austlege Ukraina, eit mobilt TIOS-1 Buratino-system, eit svært kraftig våpen som har stor øydeleggingskraft.

Møtet i Paris i dag er det første mellom Putin og vestlege leiarar sidan Russland starta luftangrepa i Syria natt til torsdag.

Møte om Ukraina-konflikt i Paris

DIREKTE frå Paris.

Syria også tema

I tillegg til fellessamtalar om Ukraina, skal Putin også halde bilaterale samtalar med både Hollande og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel. Her vil truleg Syria-spørsmålet stå høgt på agendaen.

Likevel seier fleire tenestemenn i Paris at hovudformålet med samtalane i dag er å kome vidare med fredsprosessen i Ukraina. Eitt av emnene er dei planlagde lokalvala i dei separatiststyrte områda i Aust-Ukraina. Det same gjeld kva tilgang internasjonale observatørar skal ha

SISTE NYTT

Siste nytt