Hopp til innhold

Fredsprisvinnar avlyser fredssamtalar

Colombias president Juan Manuel Santos, som 10. desember skal ta imot Nobels fredspris i Oslo, har stansa dei norskstøtta forhandlingane med geriljaorganisasjonen ELN.

Colombia Peace Juan Manuel Santos

Juan Manuel Santos vil ikkje gå vidare i samtalane med ELN, utan at dei set fri gisselen Odin Sanchez.

Foto: Fernando Vergara / Ap

Årsaka til at Santos no stansar forhandlingane, er at ELN ikkje har gått med på setje fri gisselen Odin Sanchez, ein tidlegare parlamentsmedlem. Ved 22-tida norsk tid kjem det likevel meldingar om at det «er starta førebuingar til at gisselen kan setjast fri».

ELN skal ha lova å setje fri alle gislar før fredsforhandlingane offisielt skulle starte i dag, og det er uklart kva som gjer at dei ikkje har gjort det. Også FARC sette fri alle gislane dei heldt før forhandlingane med regjeringa starta i 2012.

Nest størst

ELN, Den nasjonale frigjeringshæren, er den nest største geriljaorganisasjonen i Colombia, etter FARC. Juan Manuel Santos vart tidelt Nobels fredspris for å ha forhandla fram ein fredsavtale med FARC, Dei væpna revolusjonære styrkane i Colombia.

Militært er ELN ein langt mindre trussel enn det FARC har vore, men har truleg rundt 2500 menn og kvinner under våpen

Santos fekk prisen, trass i at det colombianske folket sa nei til avtale i ei folkerøysting berre nokre få dagar før offentleggjeringa av fredsprisen for 2016.

Dialog i Colombia.

Alt var klart for fredsforhandlingane mellom ELN og colombianske styresmakter, men samtalane er utsette.

Foto: RODRIGO BUENDIA / Afp

Juan Manuel Santos offentleggjorde utsetjinga av samtalane kort tid før partane skulle ha det første offisielle møtet i hovudstaden Quito klokka 22 norsk tid. ELN-geriljaen sitt forhandlingsteam er på plass i hovudstaden.

Santos gir Nobel-pengene til ofre for krigen

Santos gir Nobel-pengene til ofre for krigen

Norsk tilrettelegging

– Forhandlingane kan ikkje starte i dag. Vi kan starte forhandlingane fredag eller laurdag, men vi må vere sikre på at Odin Sanchez er sett pris, sa Santos blant anna tidlegare i kveld.

Noreg er eitt av fleire land som har vore med og lagt til retten for samtalane mellom colombianske styresmakter og ELN. Noreg var også ein aktiv tilretteleggjar i forhandlingane med FARC.

Det har vore hemmelege samtalar mellom dei to partane i over to år

Konflikten med geriljaen har kosta over 260.000 menneskeliv i Colombia sidan både FARC og ELN vart etablert i 1964. Begge geriljagruppene er venstreorienterte, og begge har tydd til narkotikahandel og gisseltaking for å skaffe seg inntekter.

Skal forhandle om fred i Colombia

Nobels fredspris tildeles Colombias president Santos

SISTE NYTT

Siste nytt