Avtalen vart underteikna av Sudans visepresident Ali Osman Taha og opprørsleiaren John Garang.
Underteikningsseremonien gjekk føre seg i Nairobi i Kenya,
under oppsyn av mange utanlandske politikarar, blant dei den norske utviklingsministeren Hilde Frafjord Johnson (KrF).

Colin Powell og Hilde Frafjord Johnson underteiekna begge fredsavtalen som vitne. (Foto: AP/Scanpix)
Blant dei som var til stades på underteikningsseremonien var Kenyas president Mwai Kibaki og hans ugandiske kollega Yoweri Museveni. Museveni er leiar for den regionale utviklingsorganisasjonen som har organisert forhandldingane mellom partane.
Dei to presidentane underteikna fredsavtalen som vitne, saman med blant andre Hilde Frafjord Johnson. Også Sudans president Omar el-Beshir deltok i seremonien, det same gjorde Algeries president Abdulaziz Bouteflika, Rwandas president Paul Kagame og USAs utanriksminister Colin Powell.
Hilde Frafjord Johnson var blant talarane etter underteikninga av avtalen, og ho utfordra leiarane i Sudan til verkeleg å leve opp til fredsavtalen.
Underteikningsseremonien gjekk føre seg på ein stor fotballstadion i Nairobi. Fleire tusen syngjande og dansande sudanesarar, mange av dei flyktningar i Kenya, hadde fylt opp stadionet, og song om ei heilt ny tid for det krigsherja heimlandet.
Avtalen gir håp om at den 21 år gamle borgarkrigen i Sudan skal vere over, sjølv om avtalen ikkje omfattar konflikten i Darfur-regionen i Vest-Sudan.
Etter avtalen skal det regjerande Nasjonale kongresspartiet og SPLM danne ei koalisjonsregjering. Partane er også samde om ei desentralisert maktforedeling, og ei fordeling av oljeinntektene,
Etter ein iterimsperiode på seks år kan det haldast folkerøysting om sjølvstende for Sør-Sudan.

Frå sjølve underteikninga av avtalen i Nairobi i føremiddag. (Foto: AP/Scanpix)