Hopp til innhold

Fredriksen-skip angripe av piratar

Fredriksen-skipet Front Warrior har sleppt unna eit piratangrep i det arabiske hav torsdag.

Front Warrior

Front Warrior.

Foto: Frontline

Ifølgje shippingavisa Tradewinds blei det avfyrt panserverngranatar (RPG) mot skipet då det var i nærleiken av Oman.

Piratane opna eld mot Front Warrior frå to lettbåtar. Dagens Næringsliv skriv at Frontline-skipet var på veg til Sudan då piratane slo til.

Skadeomfanget på mannskapet om bord og på skipet er førebels ikkje kjent. Besetninga var ifølgje DN.no frå Russland og Filippinane.

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon. Vi har no angrep i heile det indiske hav, som er riksveg ein i verdshandelen, seier Sturla Henriksen, administrerande direktør i Noregs Rederiforbund, til TV 2.

Herjar til sjøs

Den internasjonale skipstrafikken har i fleire år vore herja av piratar som opererer i Adenbukta utanfor kysten av Afrikas horn.

Piratar greidde å kapra 47 skip i løpet av dei ti første månadene i fjor, viser tal frå den Internasjonale Maritime Organisasjon (IMO).

Dei krev stadig meir lausepengar for å setja fri skip og mannskap.

Vil senda norsk fregatt

Dette er andre gang at eit Frontline-skip vert utsett for eit angrep av somaliske piratar.

I november i fjor tok piratar seg om bord i skipet Front Alfa i Adenbukta. Dei lukkast ikkje med å ta kontroll over skipet.

Den norske fregatten KNM Fridtjof Nansen var i perioden august 2009 fram til januar 2010 i farvatnet utanfor Somalia for å bistå EU-styrken i kampen mot sjørøveri.

Regjeringa planlegg no å senda ein ny fregatt til Adenbukta.

SISTE NYTT

Siste nytt