NRK Meny
Normal

Fredeleg riving av serbisk mur i Kosovo

Ein kontroversiell betongmur i byen Mitrovica nord i Kosovo har sidan den blei sett opp i desember bidrege til å auke spenningane med nabolandet Serbia. Søndag blei han riven.

Mur i Kosovo

Bulldosarar riv ned ein betongmur i Mitrovica nord i Kosovo etter ein avtale inngått mellom regjeringa og landets serbiske minoritet.

Foto: Visar Kryeziu / AP

Muren blei riven av lokale serbarar, etter ein avtale mellom regjeringa i Kosovo og landets serbiske minoritet, tilrettelagt av EU og den amerikanske ambassaden.

Serbisk mur i Kosovo

Muren i Mitrovica blei sett opp i desember. For å hindre jordskred, hevda dei lokale serbarane. Ein provokasjon, meinte den kosovo-albanske regjeringa.

Foto: str / AP

Politi og NATO-soldatar var i beredskap i tilfelle det skulle bli opptøyar under rivinga, men det heile gjekk fredeleg for seg.

Nato har framleis ei styrke i Kosovo for å bevare den skjøre freden etter krigen på slutten av 90-talet. Generalsekretær Jens Stoltenberg besøkte landet fredag og oppfordra partane til å roe seg ned. Statsminister Isa Mustafa takka søndag innbyggarane i Mitrovica for at styresmaktene ikkje trengde å gripe inn med makt.

Auka spenning mellom to tidlegare rivalar

Det var serbarar i den etnisk delte byen som sette opp muren ved Ibar-elva i desember, ifølge dei sjølve for å hindre jordras. Regjeringa i Kosovos hovudstad Pristina meinte derimot at muren var eit forsøk på å dele den allereie etnisk delte byen ytterlegare.

Det har den siste tida vore ekstra spent mellom dei to landa. I januar blei eit tog med påskrifta "Kosovo er Serbia" som kom køyrande frå den serbiske hovudstaden Beograd hindra i å kome inn i Kosovo, som tidlegare var ein del av Serbia. Kosovo erklærte sjølvstende i 2008, men Serbia har så langt ikkje anerkjent det som eit eige land, og har stadig innverknad på den serbiske minoriteten nord i landet.

Serbisk Kosovo-tog

Påskrifta 'Kosovo er serbisk' blei for sterk kost for styresmaktene i Pristina som nekta dette toget frå Beograd å sleppe inn i landet førre månad.

Foto: Darko Vojinovic / AP

I tillegg blei Kosovos albanske majoritet provoserte av at den tidlegare statsministeren deira, Ramush Haradinaj, same månad blei arrestert i Frankrike etter ein arrestordre frå Serbia.

EU om rivinga av muren: – Eit godt teikn

Serbias president har skulda styresmaktene i Pristina for å ville starte ein ny krig, medan hans kosovo-albanske motpart har skulda Serbia for å ville bruke Russlands annektering av Krim-halvøya som eit påskot for å annektere den nordlege delen av Kosovo, der størstedelen av den serbiske minoriteten i landet bur.

No er det håp om at dette kan vere starten på ei betring av forholdet.

– Det er eit veldig godt teikn, og viser at partane kan kome fram til einigheit berre der er nok politisk vilje, sa Nataliya Apostolova, EUs utsending i Kosovo.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt