Hopp til innhold

Fransk streikar stenger Eiffeltårnet og innstiller flyavgangar

Åtte avgangar frå Noreg til Paris er innstilte på grunn av ein storstreik i Frankrike. Også Eiffeltårnet er stengd for besøk på grunn av streik.

FRANCE-WEATHER-FEATURE

Eiffeltårnet vart stengd i dag, på grunn av ein streik blant offentlege tilsette i Frankrike. Også fleire fly er innstilte på grunn av ein annan streik i landet.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Fleire grupper av offentlege tilsette og flygeleiarar er tekne ut i to ulike streikar i Frankrike. Dei offentlege tilsette streikar mot omfattande sparetiltak i landet, medan flygeleiarane er ueinige om pensjonsalder og arbeidstilhøve.

Fleire fly frå norske flyplassar er råka av streiken. Åtte avgangar frå Oslo og Rygge i retning Paris er innstilte på grunn av streiken.

Ryanair opplyser også om at andre flygingar vert råka av mangelen på flygeleiarar i fransk luftrom. Så mykje som 40 prosent av fransk luftrom vert råka av streiken.

Streiken blant flygeleiarane er berre den førebels siste av ei rekkje streikar. Det er varsla at det også vil bli streik den 16. til 18. april og frå 29. april til 2. mai. Nye flyavgangar kan bli innstilte i desse periodane.

SISTE NYTT

Siste nytt