Hopp til innhold

Røde Kors-offiser bortført i Jemen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein fransk offiser i den internasjonale Røde Kors-komiteen blei bortført då han var på reise frå nord-Jemen til havnebyen Hudaida ved Rødehavet.

Franksmannen skal ha blitt bortført av væpna menn på reise frå nord-Jemen.

Det er ikkje stadfesta kven som står bak, men det er vanleg for folk på den fattige halvøya å bortføre både utlendingar og jemenittar for å forhandle om å frigjere slektningar som er i fengsel.

Dei fleste gislane som er blitt bortført av slike årsakar er blitt frigjorte uskadd.

Sjåførane slapp unna

Ei talskvinne for den Internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) i Sanaa, sa at franksmannen, som arbeider i den nordlege byen Saada, blei bortført om lag 30 kilometer unna hamnebyen han var på veg til.

Han skal ha vore saman med to jemenittiske sjåførar som kidnapparane sette fri kort tid etterpå. Til no har ikkje ICRC lukkast i å få kontakt med kidnapparane eller offeret.

SISTE NYTT

Siste nytt