Hopp til innhold

Fransk nettforum: – Noreg neste terrormål

PST innkaller ekstra mannskap etter at Noreg skal ha blitt peikt ut som neste terrormål. Det skriv Aftenposten. PST jobbar no med å finne ut om trugselen er reell eller ikkje.

France Newspaper Attack

Paris har blitt skaka av fleire terrorangrep. Ein fransk nettstad hevdar no at Noreg og Danmark er dei neste på listene.

Foto: Francois Mori / Ap

Jon Fitje

– Me tek dette på alvor, seier analysesjef i PST, Jon Fitje Hoffmann.

Foto: NRK

Det var TV2 som først meldte at det er lagt ut ein trussel på ein fransk nettstad der Noreg og Danmark er omtalt som neste terrormål. Det skal vere snakk om eit innlegg på eit nettforum, får Dagbladet opplyst frå PST. Avisa får også opplyst at dette er ein type tips som PST får inn fleire av dagleg.

– Me er kjent med dette, men det er ikkje verifisert informasjon. Me tek dette på alvor og må sjekke dette ut, seier analysesjef i PST, Jon Fitje Hoffmann, til NRK.

– Det er for tidleg å seie noko meir om dette. Eg er ikkje kjent med om informasjonen har vore på internett lenge, seier Hoffmann.

– Har de sett i gang nokre tiltak som gjeld Noreg når det gjeld aksjonane i Frankrike?

– Me har starta arbeid for å sjå om det er noko samanheng mellom dei personane som var involvert i terroraksjonane i Frankrike, og personar som finn seg i Noreg. Så langt har me ikkje funne noko verifiserbar informasjon om at det er noko link til Noreg, seier Hoffmann.

Brende: – Kjent til dette i eit par timar

– Eg er glad for at PST tek dette på alvor. Eg har vore kjent med dette i eit par timar, og eg veit dei gjer ein god jobb på dette. det er mange nettstader, så no må me finne ut kva som ligg bak, seier utanriksminister Børge Brende til NRK.

– Me må ikkje la oss skremme. Det er målet til desse terroristane. Me må ikkje vike ein tomme, meiner Brende.

Seinast i går uttalte PST-leiar Benedicte Bjørnland at trugselbiletet mot Noreg ikkje var endra etter terroraksjonen i Paris.

– Det er ingen opplysingar som knyter handlingane i Frankrike til Noreg eller norske interesser, sa Bjørnland då.

Politidirektoratet seier i ei melding på sine nettsider at dei er orienterte om den moglege trugselen, har tett kontakt med PST og vurderer fortløpande eventuelle tiltak.

– Fleire grunner til at Noreg kan vere mål

Hoffmann seier til NRK i dag at PST førebels ikkje veit så mykje meir enn at det er publisert på internett, og seier at opplysingane no vert undersøkt.

Kjetil Stormark om sikring av statsministerboligen

Journalist og terrorekspert Kjetil Stormark synest det er vanskeleg å vurdere opplysinga om at Noreg kan vere neste terrormål.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Terrorekspert og journalist Kjetil Stormark meiner det førebels er vanskeleg å vurdere opplysingane.

– Men det eg veit er at Frankrike vart nemnt i same andedrag som Noreg og Danmark, då det vart slått terroralarm i juli i fjor i Noreg, seier Stormark.

Kvifor skulle Noreg vere eit aktuelt mål?

– Det er fleire moglege grunner til det. Alt frå dei enkle, slik som at nokon enkeltpersonar kan vere kopla til terrorceller, slik at det skal vere særskilde grunner til å angripe Noreg, til litt meir politiske og symbolske grunner. Kombinasjonen av Noreg og Danmark som mål bringar tankane til karikaturstriden for nokre år sidan, seier Stormark.

SISTE NYTT

Siste nytt