Hopp til innhold

Fransk-iransk oljeflørt etter atomavtale

Frankrikes president, François Hollande, har invitert sin iranske kollega på besøk til Paris. Iran seier dei no håpar på å starte opp att eit samarbeid med den franske oljegiganten Total som har lege på is i 20 år.

Mideast Iran France Mohammad Javad Zarif, Laurent Fabius

Frankrikes utanriksminister, Laurent Fabius, og hans iranske kollega, Mohammad Javad Zarif møttest i dag i Teheran. No vil dei to landa samarbeide meir.

Foto: Ebrahim Noroozi / Ap

Tidlegare i sommar vart Iran og seks av verdas stormakter einige om ein avtale som skal gje stormaktene meir innsyn i Irans atomprogram, og som samstundes fjernar sanksjonane som var påført landet.

I Iran håpar dei at avtalen skal opne nye dører og stimulere til meir handel, og no kan det sjå ut til at Frankrike allereie er i gang med konkrete samtaler om mogleg samarbeid.

Planla storsatsing på gass

Fordi det franske oljeselskapet Total var for over tjue år sidan, den gong Iran ikkje var påført sanksjonar, i gang med planar om å starte opp utvinning av energi i Iran.

Planane den gong omhandla først og fremst å utvikle det enorme gassfeltet South Pars, der halvparten av Irans gassførekomstar finst.

Men på grunn av usemje då kontrakten skulle signerast, så vart det aldri noko av avtalen. Og sidan 2006 har Iran altså vore påført harde sanksjonar, som dermed har hindra eventuell handel med Frankrike.

No håpar iranarane at det vert tørka støv av dei gamle planane.

– Eit nytt kapittel av samarbeid med det franske selskapet Total vil starte å utvikle iranske oljefelt, har den iranske oljeministeren, Bijan Zanganeh, sagt til det iranske nyheitsbyrået Shana.

Iran snakkar med fleire land

Då hadde Zanganeh nettopp hatt eit møte med den franske utanriksministeren Laurent Fabius som no er på besøk i Iran.

Fabius hadde også med seg ein invitasjon til iranarane sin president, Hassan Rouhani. Den iranske presidenten er invitert til Paris i november, og franskmennene er tydelege på at dei gjerne vil samarbeide.

– Dagens samtaler om olje og energi var veldig positive og eg håpar resultatet vil bli tilfredsstillande, skal Fabius ha sagt til Shana.

Det vil ta rundt seks månader før sanksjonane mot Iran er fjerna for godt, men landets leiarar seier at dei allereie har starta samtaler om mogleg samarbeid med fleire vestlege stormakter.

SISTE NYTT

Siste nytt