Hopp til innhold

Frankrikes president minner terror-offera

Frankrikes president François Hollande minner offera etter terroråtaket mot Charlie Hebdo for snart eit år sidan.

«Je suis Ahmed» står det skrive i fargane til det franske flagget. Malt på den svarte asfalten viser den kvar politimannen Ahmed Merabet vart skoten og drepen utanfor lokala i satiremagaisnet Charlie Hebdo.

«Je suis Ahmed» står det skrive i fargane til det franske flagget. Malt på den svarte asfalten viser det kvar politimannen Ahmed Merabet vart skoten og drepen utanfor lokala til Charlie Hebdo for snart eitt år sidan.

President Hollande

President Holland heidrar dei som mista livet under terroråtaket.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Den franske presidenten François Hollande besøkte i dag lokala til satiremagasinet og kosher-butikken som vart angripen. Der minna han offera etter terroråtaket.

Avduka plakett

Holland kom saman med den franske innanriksministeren Bernard Cazeneuve, den franske kultur- og kommunikasjonsminister Fleur Pellerin, og ordførar i Paris Anne Hidalgo.

Plakett Charlie Hebdo

Alle dei 17 offera fekk namna sine inngraverte på plakettar.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Like ved det malte merket på fortauet la dei ned ein krans og helste på familien til Merabet. Politimannen vart drepen då han prøvde å stoppe dei to tungt væpna gjerningsmennene som stod bak åtaket.

Presidenten besøket òg dei tidlegare lokala til Charlie Hebdo, og avduka ein plakett med namna til dei elleve menneska som mista livet. Dei ti journalistane og teiknarane, samt ein politimann, vart skotne og drepne då dei to ekstremistane storma eit redaksjonsmøte.

Merabet og dei fire offera som vart drepne på Hyper Cacher, ein kosher supermarknad ein annan stad i byen, vart òg heidra med namna sine på ein plakett.

Fleire markeringar

Dette er den første av fleire minnemarkeringar som er planlagde i Paris denne veka. 10. januar vert åtaka markerte på Place de la République midt i den franske hovudstaden.

Denne veka kjem òg ei minneutgåve av magasinet, og denne utgåva skal trykkjast i nær ein million eksemplar.

SISTE NYTT

Siste nytt