Hopp til innhold

Frankrike: Fotograf fekk handa øydelagd

Ein fotograf som deltok i demonstrasjonar i Paris mista fire fingre då ein granat eksploderte.

Se video frå laurdagens samanstøyt.

Den skadde skal vere ein fotograf som deltok i protestane saman med dei gule vestane.

Han tok bilde av demonstrantar som freista å ta seg gjennom sperringane ved nasjonalforsamlinga.

Samanstøytane mellom demonstrantar og politi utanfor nasjonalforsamlinga skjedde ved 1230-tida laurdag, melder nyheitsbyrået AFP.

Demonstrasjon i Paris
Foto: Zakaria Abdelkafi / AFP

Gummikulegranat?

Eit vitne som filma opptrinnet, Cyprien Royer, seier til avisa Le Figaro at det skal dreie seg om ein gummikulegranat.

Granaten skal ha blitt kasta av tryggingspoliti då demonstrantar freista å ta seg forbi sperringar ved inngangen til nasjonalforsamlinga.

Fransk politi skal også ha fyrt av tåregassgranatar.

Politiet stadfestar overfor Le Figaro at «ein demonstrant har skada handa» og at vedkomande blir varetatt av redningsmannskap.

Låg ni dagar i koma

Sida 2013 har det vore fleire tilfelle der demonstrantar og politi er blitt skadde etter at politiet har brukt gummikulegranater i Frankrike.

I mai 2016 fekk journalisten Romain Dussaux alvorlege hovudskadar då ein gummikulegranet eksploderte like ved han under ein demonstrasjon i Paris, skriv LIberation.

Dussaux låg ni dagar i koma etter hendinga. Sjølv om skaden utløyste ein debatt om bruken av gummikulegranater, har fransk politi halde fram med å bruke dei mot demonstrantar.

Ti arresterte i dag

Ifølge politiet skal om lag ti demonstrantar vere arresterte etter samanstøytane mellom demonstrantar og politi.

Demonstrasjonane har halde på i tre månadar. Mykje av sinnet er retta mot president Emmanuel Macron.

Men presidenten har vore på offensiven den seinare tida, og ferske meiningsmålingar tyder på at oppslutninga om presidenten stig.

I desember fekk Macron støtte frå 23 til 31 prosent på målingar. No seier 31 til 35 prosent at dei støtter presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt