Det konkluderte ein fransk domstol med torsdag.
Jeremy Forrest (30) risikerer å bli tiltalt for bortføring av ein mindreårig når han kjem tilbake til heimlandet. Han sit no i varetekt i Bordeaux etter å ha vorte gripen av fransk politi i slutten av september.
Det vekte stor oppsikt i Storbritannia då Forrest og den 15 år gamle eleven hans Megan Stammers rømte frå heimbyen Eastbourne 20. september. Dei vart fanga opp av fleire overvakingskamera på ei ferje mellom Storbritannia og Frankrike, og vart seinare treft på i Bordeaux.
Fransk politi ville først ikkje gripe Forrest, men etter press frå britiske myndigheiter vart han til slutt teken inn medan Strummers vart sendt heim.
(NPK)