Hopp til innhold

President Hollande anerkjenner opposisjonen i Syria

Frankrike anerkjenner opposisjonen i Syria som den einaste legitime representant for det syriske folk, seier president François Hollande.

Hollande

Den franske presidenten François Hollande på pressekonferanse i Paris tysdag.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Dei opposisjonelle gruppene i Syria vart søndag samde om å danne ein brei koalisjon, med det mål føre seg å styrte president Bashar al-Assad.

President i Frankrike, François Hollande, stiller seg bak Syrias nasjonalråd.

– Eg kunngjer i dag at Frankrike anerkjenner Syrias nasjonalråd som den einaste legitime representant for det syriske folk, og som framtidig regjering i eit demokratisk Syria om vil gjere slutt på regimet til Bashar al-Assad, sa Hollande på ei pressekonferanse i Paris, melder Reuters.

Fleire kan følgje etter

Frankrike blir dermed det første europeiske landet som anerkjenner Syrias nasjonalråd.

Den arabiske liga og Golfstatane sitt samarbeidsråd (GCC) kunngjorde i går at dei anerkjenner rådet som representantar for folket.

Tysdag kveld kom meldinga om at også USA seier koalisjonen er «legitime representantar for det syriske folk», men går ikkje så langt som å kalle rådet for ei regjering i eksil, melder AFP.

Kampane i Syria har no gått føre seg i 20 månader.

Kan få våpen

Den nyvalde leiaren av Syrias nasjonalråd, Ahmed Moaz al-Khatib, bad i dag verdssamfunnet om å anerkjenne rådet som dei rettmessige leiarane av Syria, og om å levere våpen til opprørarane, for å lindre lidingane til det syriske folk, melder AFP.

Hollande opna døra på gløtt når det gjeld å støtte opposisjonen med våpenleveransar.

– Når det gjeld våpenstøtte, Frankrike var tilbakehalden så lenge me ikkje visste kvar desse våpna enda opp, sa Hollande.

– Så snart koalisjonen blir ein legitim regjering i Syria, kjem dette spørsmålet til å bli vurdert av Frankrike, og også andre land som anerkjenner denne regjeringa, sa han.


SISTE NYTT

Siste nytt